Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Alexander Gauland

Skriven av

Faktaboks

Alexander Gauland
Fødd
20. februar 1941, Chemnitz
Alexander Gauland, 2019
Alexander Gauland, 2019
Av/𝒲.
Lisens:CC BY SA 3.0

Alexander Gauland, tysk, høgrepopulistisk politikar, jurist og forfattar. Han var nestleiar i partietAlternative für Deutschland (AfD) frå 2017 til 2019, og medlem avForbundsdagen frå valet i 2017.

Bakgrunn og utdanning

Gauland voks opp i ein borgarleg familie iChemnitz i delstatenSachsen, som etterdelinga av Tyskland i 1949 blei ein del av Aust-Tyskland (DDR). I 1959 rømte han frå DDR og slo seg ned iVest-Tyskland. I studietida vart han aktiv i ei kristen-konservativ studentforeining. I 1973 melde han seg inn i det konservative partietCDU.

Han har doktorgrad i juss og er spesialist påfolkerett. Gauland er også forfattar av fleire vitskaplege artiklar og ei rad bøker om historiske og politiske tema. Han har dessutan skrive regelmessig for fleire store tyske aviser.

Politikk

Alexander Gauland har arbeidd for CDU i delstatsregjeringa iHessen og for CDU i forbundsdagen. I 2013 var han med på å grunnlegge det euro-kritiske Wahlalternative 2013, som seinare vart til AfD.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Dypvik, Astrid Sverresdotter:Alexander Gauland iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Alexander_Gauland

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forTysklands samtidshistorie

Trond Ove Tøllefsen
Doktor i historie, Uppsala universitet

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp