
Alan Walker
Faktaboks
Alan Olav Walker, DJ Walkzz, Walkzz
- Fødd
- 24. august 1997, Northampton, England


Tidlege år
Walker har norsk mor ogengelsk far. Han er fødd iNorthampton i England, er oppvaksen iFana iBergen og hardobbelt statsborgarskap. Han var opphavleg mest interessert idataspel,grafisk design ogprogrammering, men byrja å lage musikk pålaptopen sin i 2012. Han lærte seg musikkproduksjon gjennomYouTube-kurs og var inspirert av samtidige EDM-artistar og dessutan filmkomponistar somHans Zimmer og Steve Jablonsky.
Han byrja å leggje ut musikken sin på YouTube og SoundCloud, og singeldebuten «Fade» (2014) blei ein «viral» hit. Året etter signerte han plate- og management-kontrakt med det norske selskapet Mer, leia av Gunnar Greve, og 3. desember 2015 gav Mer ut singelen «Faded» i samarbeid med svenskeSony. Låten var ei oppussa utgåve av «Fade», mellom anna med eit vokalspor framført av den norske popsongaren Iselin Solheim.
Internasjonalt gjennombrot og debutalbum
I 2016 blei «Faded» ein av dei mest suksessfulle norske singlane gjennom tidene. Han toppa hitlistene i 18 land, blei den første norske songen passerte éin milliard strøymingar på Spotify, og er framleis blant dei 20 og 30 mest avspelte songane på høvesvis YouTube og Spotify.
«Faded» er framleis Walkers største hit og hans einaste plassering på Billboard Hot 100-lista iUSA, men han følgde opp med fleire suksessfulle hitsinglar, som «Alone» (2016), «Tired» (2017) og «Darkside» (2018).
Han konsertdebuterte underWinter X Games i Oslo 27. februar 2016, og sidan har han etablert seg som ein populærliveartist. Han har spelt over heile verda, mellom anna iKina ogIndia for opptil 30 000 tilskodarar. Han har turnert medRihanna,Justin Bieber og Kygo, og han har spelt påfestivalar somCoachella, Lollapalooza, Tomorrowland og Ultra.
I desember 2018 kom debutalbumetDifferent World, som toppa listene i Noreg ogFinland og plasserte seg i Topp 20 iSverige ogSveits. Singlane som følgde i 2019, klarte derimot ikkje åtangere tidlegare hitlistebragder, bortsett frå i Noreg.
Stil
Walker viser seg som regel fram kamuflert imaske og hettegenser, og han omgir seg med ein aura av mystikk, futurisme og data-estetikk imusikkvideoane og påkonsertane sine.
Musikalsk er han langt mørkare og meirmollstemt ennharmoniane som pregar Kygos samtidigetropiske house. Musikken til Walker kan minne meir om progressivhouse og 1990-talet sintrancemusikk i noko saktare tempo, ellerdubstep der dei rytmiske kantane er filte vekk.
Samarbeid
I studio samarbeider han med mange låtskrivarar, som dei tidlegarerapparane Gunnar Greve (frå Spetakkel) og Øyvind «Vinni» Sauvik (fråPaperboys) og dessutan Anders Frøen og Magnus Bertelsen (som gir ut eigen musikk under artistnamnet Minus Manus).
På vokal- og remiks-sida har Walker samarbeidd med mellom annaAvicii, Kygo,Julie Bergan, Tomine Harket, Isák, Ava Max, Noah Cyrus,Bruno Mars,Coldplay,Sia,Miley Cyrus,A$AP Rocky, Steve Aoki og Tiësto.
Prisar og anna
Alan Walker har vunne treSpellemannprisar: Årets låt for «Faded», Eksportprisen for 2016 og dessutan Årets spellemann for 2018. I tillegg har han blant anna vunne tre Årets norske artist-prisar iMTV Europe Music Awards 2016–2018 og vore påBillboards 21 under 21-liste.
Walker er ein av dei artistane i Noreg som tener mest. I 2017 hadde Alan Walker AS eit resultat før skatt på 9,1 millionar kroner, som i 2018 hadde auka til 26,2 millionar. Gjennom hovudselskapet sitt hadde han i 2022 inntekter på over 200 millionar kroner.
I november 2019 lanserte Walker dataspeletThe Aviation Game.
Studioalbum
- Different World (2018)
- World of Walker (2021)
- Walkerverse Pt. I & II (2022)
- Walkerworld (2023)
- Walkerworld 2.0 (2025)
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.

