Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon

Øystein Holt

Skriven av

Faktaboks

Øystein Holt
Fødd
13. juni 1959, Horten

Øystein Holt er ein tidlegarevektløftar, som ved fleire høve deltok i EM og VM. Med sine sjukongepokalar er han ein av dei mestvinnande vektløftarane i Noreg.

Karriere

Øystein Holt starta karrieren som 12-åring i Horten Atletklubb. Han var ein talentfull vektløftar, og allereie året etter tok han sitt første NM-gull på ungdomsnivå. Då han i 1980 debuterte i senior-NM, slo han gjennom og tok sitt første av totalt tolv NM-gull.

I 1982 vann han kongepokalen som beste vektløftar i NM uansett klasse. Det var den første av totalt sju kongepokalar. BerreStian Grimseth har fleire med sine ti kongepokalar.

Holt vart i januar 1983 utstengd frå all idrett i to år, etter at han saman med vektløftaren Tage Knutsen nekta å avleggjedopingprøve på grunn av det mennene meinte var feil i innkallingsprosedyrene tilNoregs idrettsforbund. Holt og Knutsen nekta å vere skuldige i doping og anka avgjerda, og i mars same året sette idrettsforbundet sitt appellutval straffa ned til eitt år.

Holt vann nordisk meisterskap då han kom tilbake etter utestenginga, og han heldt fram med ni strake NM-gull fram til han trappa ned satsinga i 1993. Han la opp for godt i 1998. Etter den aktive karrieren var Holt trenar for Stian Grimseth og sportsleg koordinator i Noregs Vektløftarforbund.

Merittar

  • Fire gongar nordisk seniormeister
  • Tolv individuelle senior-NM i perioden 1980-1993
  • Sju kongepokalar
  • Sjetteplass i EM, åttandeplass i VM (1982)

Klubbar

  • Horten Atletklubb
  • Tønsberg-Kameratene

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Fossum Lillesvangstu, Rune:Øystein Holt iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/%C3%98ystein_Holt

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forVektløfting

Rune Fossum Lillesvangstu

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp