vaksinemotstand


Vaksinemotstand er å motarbeide bruken avvaksinar. Frykt for reelle ellerhypotetiskebiverknader er ei viktig årsak til slik skepsis, men motstanden kan også vere knytt tillivssyn ogreligion, generell uvilje mot styresmakter (ofte kombinert medkonspirasjonsteoriar) eller mangelfullvitskapleg forståing.
Faktaboks
- Også kjend som
vaksineskepsis; vaksinefornektelse; antivax
Motstand mot vaksinasjon har eksistert heilt sidan den første vaksinen blei utvikla avEdward Jenner i 1796. Dette kan forklarast med at vaksinar enno var eit nytt fenomen, og at dei første vaksinane ikkje var like effektive som dagens vaksinar. Gjennom 1900-talet blei det lansert stadig fleire vaksinar, og det blei større allmenn oppslutning om vaksinasjon etter kvart som vaksinane viste seg effektive mot fleire farlegesjukdommar. Frå tusenårsskiftet har vaksinemotstanden igjen auka, og i vår tid blir nye vaksinar møtt med storskepsis i enkelte miljø.
Også iNoreg ser ein stadig døme på slike haldningar, sjølv om vaksinasjonsdekninga i landet vårt framleis er høg.
Vaksinar berekna på barn blir mest vektlagde i diskusjonen om verdien av og grunnlaget for vaksinasjonen.
I 2019 omtalteVerdshelseorganisasjonen – WHO motstanden mot vaksinasjon som ein av dei ti viktigaste truslane mot globalfolkehelse. Vaksinar har redda fleire liv og hindra meir alvorleg sjukdom enn noko anna medisinsk framsteg, og vaksinasjon er truleg den mest kostnadseffektive medisinske reiskapen som finst. Globalt blir omkring 2–3 millionar menneskeliv redda som følgje av vaksinar kvart år. Reknar ein også liv spart ved atkoppar blei utrydda, er 8 millionar sparte liv årleg meir korrekt. I perioden 2000–2013 redda meslingvaksinen åleine livet til omkring 15,6 millionar barn.
Flokkimmunitet

Gjennom god vaksinasjonsdekning vil ein så stor del av befolkninga bliimmune at smittestoffet døyr ut av mangel på individ som kan spreie det vidare. Nokre få ikkje-immune kan dermed vere verna av at alle omkring dei er vaksinerte. Dette blir kallaflokkimmunitet. Problemet med vaksinemotstand er at om tilstrekkeleg mange foreldre avstår frå å vaksinere barna sine, vil flokkimmuniteten svekkjast, og sjukdommar sommeslingar,polio,difteri ogkikhoste kan innførast utanfrå og spreie seg raskt i den mottakelege delen av befolkninga.
Global massevaksinasjon kan utrydde enkelte av våre mest fryktainfeksjonssjukdommar: Koppar blei totalt utrydda i 1978, og polio, som førebels er redusert med meir enn 99 prosent, blir forhåpentlegvis fjerna frå sine siste kjerneområde i løpet av få år.Meslingar står for tur. Dei fleste smittsame sjukdommar kan likevel ikkje utryddast med vaksinar, berre utestengjast frå befolkningar som har blitt immune mot sjukdommane gjennom vaksinasjon. Effektive vaksinar og høg dekningsgrad for vaksinasjonen er avgjerande for ein eventuell suksess. Til dømes vil meslingvirus framleis kunne sirkulere i ei befolkning viss ikkje omkring 95 prosent er vaksinerte eller har gått gjennom sjukdommen. Dessverre går vaksine-indusert immunitet ikkje iarv. Så lenge meslingvirus ikkje er utrydda, krevst derfor denne høge dekningsgrada i kvart nye årskull.
Døme på konsekvensar og tiltak
Det finst fleire døme frå dei siste åra på at vaksinemotstand har ført til utbrot avsjukdommar. I vår eigen vestlege kulturkrins kan motstanden mot meslingvaksinasjon tene som døme på kva følgjer vaksineskeptiske haldningar kan få.
Meslingar

Talet på nye tilfelle av meslingar i Europa auka kraftig i perioden 2016–2018. Raude søyler viser stadfesta tilfelle med laboratorietest, blå er tilfelle som er kopla til ein epidemi, grøn er tilfelle som er anteke å vere meslingar basert på legeundersøking.
I perioden 2011–2013 opplevdeUSA den største meslingepidemien på 17 år. I 2013 blei til dømes 58 personar råka av meslingar i einkyrkjelyd (meinigheit) iNew York som av religiøse grunnar var imot vaksinasjon. Mange nye tilfelle blei rapporterte også i 2014 og i byrjinga av 2015. Meir enn 90 prosent av pasientane var uvaksinerte eller mangla opplysningar om tidlegare vaksinasjon. I februar 2015 kom ei sterk oppmoding frå dåverande presidentBarack Obama til alle amerikanske foreldre om å vaksinere barna sine mot meslingar. Likevel har nye, omfattande utbrot av meslingar halde fram med å råke barn og unge menneske i USA også sidan den gongen.
I 2011, frå januar til oktober, rapporterte 36 europeiske land totalt 26 000 meslingtilfelle, og av desse fanst 83 prosent iVest-Europa. Meir enn 7000 av pasientane måtte behandlast på sjukehus, og nokre av dei døydde av sjukdommen. I juni 2013 råka eit nytt meslingutbrot det såkalla bibelbeltet iNederland. Blant dei 161 pasientane måtte fem leggjast inn på sjukehus på grunn av alvorlege forløp.
Utbreidd vaksineskepsis og låg vaksinasjonsdekning gjer meslingar til eit stort problem også iTyskland. I første kvartal av 2015 blei sjukdommen påvist hos 900 tyske barn og vaksne. I 2019 åtvara det norskeFolkehelseinstituttet mot å reise til Tyskland med uvaksinerte barn. I mars 2020 innførte Tyskland lov om tvungen meslingvaksinasjon for alle barn for å få stoppa desse utbrota. Vaksinen som blir gitt mot meslingar,MMR-vaksinen, vernar også motraude hundar ogkusma. Eventuelt kan vaksine motvasskoppar inngå i denne kombinasjonsvaksinen (MMRV).
IAustralia har ein registrert utbrot av meslingar og andre smittsame sjukdommar som følgje av at nærare 10 prosent av befolkninga ikkje sluttar opp om barnevaksinasjonsprogrammet. Også der har ein måtta innføre obligatorisk meslingvaksinasjon. Mange barnehagar, skular og universitet nektar opptak for elevar utan vaksinasjonsbevis. Australia har dessutan gått til det uvanlege steget å nekte innreise for nokre internasjonalt kjende antivaksine-aktivistar.
Meslingar i Noreg
For norske barn og ungdommar er risikoen for å bli utsett for meslingsmitte størst i utlandet eller ved besøk her heime av smittsame utlendingar. Men det er viktig å merke seg at smittefaren ikkje er avgrensa til opphald i fjerne, «eksotiske» regionar. I ei rekkje vestlege land dekkjer det nasjonale vaksinasjonsprogrammet berre 50–70 prosent av barna. I visse segment av befolkninga kan dekninga vere endå lågare, og dessutan vise minkande tendens.
Polio

Misforstått religiøs motstand mot poliovaksinasjon, framfor alt iNigeria (i 2003–2004) ogPakistan (i 2012 og 2016), resulterte i stort regional spreiing av den frykta sjukdommenpoliomyelitt. Konservative muslimske grupper i desse landa har meint at sjukdom er ein del av Guds plan og vilje. Vaksinasjonskampanjar har også blitt sett på som forsøk frå vestlege makter på å vinne kulturell og økonomisk innverknad. Denne motstanden har forseinka Verdshelseorganisasjonens omfattande program for global utrydding av polio med fleire år. I tillegg har slike haldningar kosta mange liv og helse for mange barn – og enorme summar for verdssamfunnet.
Årsaker til vaksinemotstand

Fleire medium har blitt kritiserte for å gi vaksinemotstandarar for mykje merksemd og la påstandane deira stå uimotsagde. Her frå Agderposten i februar 2018, der ein representant for alternativrørsla uttalte seg om vaksinar.
Det er tankevekkjande at den store suksessen med vaksinane også er svakheita deira. For generasjonar som sjølv har opplevd den skremmande framferda tilinfeksjonssjukdommane, er det lett å innsjå kva vaksinar har å seie. Likevel vil den positive haldninga til vaksinasjon lett minske i land der barn – takk vere vaksinasjon – ytst sjeldan blir råka av smittsame sjukdommar sompolio,meslingar,kikhoste,lungebetennelse,difteri,gulsott ellerhjernehinnebetennelse. Både ubehag ogbiverknader var naturleg nok lettare å akseptere den gong sjukdomsrisikoen var stor. Når faren er avblåsen, synest mange det er tungt å utsetje barna sine for ubehagelege stikk og eventuelle biverknader av vaksinasjon.
Frykt for biverknader
I våre dagar går alle vaksinar gjennom omfattande undersøkingar med omsyn til tryggleik, og dei tilhøyrer utvilsamt dei tryggaste legemidla våre. Likevel er vaksinar, som alle andre legemiddel, prega av ein viss risiko for skadelegebiverknader. Gjennom åra er ei rekkje lovande vaksinar trekte tilbake fordi dei hadde ein uakseptabel biverknadsprofil.
Tarmslyng vedrotavirus-vaksinasjon ognarkolepsi utløyst av ein spesiellinfluensavaksine er ferske døme på sjeldne (1–7 per 100 000 vaksinerte), men beviseleg vaksineutløyste og alvorlege biverknader. Dessverre finst både narkolepsi og tarmslyng også hos uvaksinerte individ. Ein liten auke i bakgrunnsfrekvensen av så sjeldne tilstandar vil derfor først kunne oppdagast etter omfattande bruk av vaksinen.
Vaksineprodusentar så vel som nasjonale helsestyresmakter skal gi allmenta (allmennheten) objektiv og lettforståeleg informasjon om korleis vaksinane verkar, og kva biverknader dei har. I vår del av verda vil elles feilaktig eller misvisande produktinformasjon fort bli avslørt av konkurrentar, offentlege kontrollinstansar eller uavhengige ekspertar på området.
Frykta for biverknader er ei av årsakene til vaksinemotstand, men denne frykta er ofte heilt ute avproporsjonar med dei faktiske biverknadene som finst.
Oppslag i media

Ein demonstrasjon for vaksinering i Canada i 2017.
Blant dei som motset seg vaksinasjon, er mange påverka av vaksinekritiske oppslag imassemedia. Journalistar har gjerne sans for enkeltpersonar med sterke synspunkt, helst slike som strir mot det medisinske etablissementet.Konspirasjonsteoriane florerer. Ikkje sjeldan blir vaksineforkjemparane framstilte som betalte medløparar for denfarmakologiske industrien. Negativ – eller i beste fall unyansert – informasjon om vaksinar er ofte baserte på mangelfulle studiar eller bombastisk framførtehypotesar på svakt vitskapleg grunnlag.
Det blir fremja påstandar om atspedbarn får altfor mange vaksinar, og at immunsystemet blir overbelasta når ein tilfører 5–6 vaksinar om gongen og 30–40 vaksinar i løpet av få år. Somme uroar seg for at enkelte vaksinar har tilsetningar somkvikksølv ogaluminium som kan hope seg opp i kroppen, og seinare i livet føre til kroniske skadar, ikkje minst pånervesystemet. Vidare blir det påstått at den normaleimmunologien til og utviklinga av kroppen er basert på at barna faktisk går gjennom dei sjukdommane som dei no blir vaksinerte mot.
Alle slike påstandar har fleire gonger blitt tilbakeviste etter omfattande og vel kontrollerte undersøkingar. Dessverre får slike tilbakevisingar liten publisitet, og ofte er heller ikkje helsepersonell tilstrekkeleg oppdatert på dette området.
Falske forskingsresultat
Det finst ei rekkje døme på korleis tendensiøs eller direkte feilaktig informasjon kan få alvorlege konsekvensar for liv og helse.
I 1998 publiserte legen Andrew Wakefield og medarbeidarar forskingsresultat som tydde på atMMR-vaksinen (mot meslingar, kusma og raude hundar) kunne føre tilautisme og kronisktarmbetennelse. Publikasjonen vekte svært stor merksemd, og han resulterte i utbreidd skepsis mot vaksinar, spesielt meslingvaksinar. Forskingsresultata viste seg seinare å vere forfalska, men stor skade var allereie gjord. IUSA ogIrland fall MMR-dekninga i befolkninga til under den kritiske grensa på 90 prosent. Vaksinedekninga i Storbritannia fall frå 92 prosent i 1996 til 84 prosent i 2002, og i 2003 var dekninga i delar av London berre 61 prosent. Medan ein i 1998 registrerte 56 sikre tilfelle av meslingar i heile Storbritannia, blei det vinteren 2012–2013 registrert over 1100 tilfelle berre iWales. I Storbritannia blei meslingar for første gong på 14 år igjen definert somendemisk, det vil seie at meslingvirus finst i befolkninga til kvar tid.
Vandrehistorier
Undersøkingar har vist at haldningane unge foreldre har til vaksinasjon, er sterkt påverka av oppfatningar i den nære krinsen av andre småbarnsforeldre, venner og familie. Dessverre blir det spreidd mange og ofte hjarteskjerande historier om barn som var heilt friske inntil dei blei vaksinerte, men som deretter utvikla ei rekkje alvorlege symptom. Nokre slike forteljingar er nærastvandrehistorier som har tapt all truverd. Andre skrekkhistorier kjem av misforståingar på grunn av dårleg kommunikasjon frå helsetenesta. Altfor ofte blir samanfall i tid rekna som bevis på ein årsaksmessig samanheng.
Retten til individet og autonomien til foreldra

Foto frå ein demonstrasjon underkoronapandemien (Oslo, november 2020). Plakaten på biletet seier «Min kropp, mitt valg!».
Nokre foreldre påpeikar at dei som frie borgarar har rett til å avslå vaksinasjon av barna sine. Vaksinemotstandarar har framheva retten til sjølvråderett som ein sentralliberal verdi og ein kjerneverdi i detdemokratiske systemet.Autonomien til enkeltindividet blir gjerne framstilt som eit ufråvikeleg prinsipp som dermed må vege tyngre enn omsynet til fellesskapet og tilrådingane til styresmaktene. Sjølv om retten til sjølvråderettjuridisk sett er utvilsam, er haldninga svært tvilsam. Ved å la vere å vaksinere barn, tek ein frå dei retten til vern mot unødvendige og potensielt farlege sjukdommar, og ein aukar risikoen for slike sjukdommar hos andre uvaksinerte individ. Det er feilaktig å hevde at nokre få uvaksinerte barn ikkje speler noka rolle i den store samanhengen ettersom dei fleste barn trass alt blir vaksinerte. Det er sant at risikoen er svært liten til dømes for eit meslingutbrot i land med vaksinasjonsdekning på omkring 93 prosent, slik som i Noreg. Men denne gunstige dekningsgrada er basert påsolidariteten i heile befolkninga. Om solidariteten minkar, generelt eller gruppevis, vil meslingar kome tilbake, også hos oss.
Religiøst grunngitt vaksinemotstand
Det finst ulikereligiøse argument mot vaksinar. Enkelte religiøse grupper motset seg vaksinar som inneheld bestanddelar som er vunne ut avblod frå menneske ellerdyr. Enkelte medlemmer avJehovas vitne nektar til dømes å få vaksinar som inneheldalbumin, som er eit stoff vunne ut avblodplasma. Dette fordi Jehovas vitne motset segblodoverføring. Mangemuslimar vil ikkje bruke vaksinar som inneheld stoff fråsvin. I slike tilfelle finst det ofte alternative vaksinar med andre innhaldsstoff.
Ein meir generell skepsis mot vaksinar er relativt utbreidd i delar avalternativmiljøet. Eit døme er motstanden innanfor denantroposofiske rørsla, som baserer seg påRudolf Steiners lære. Iantroposofisk medisin blir sjukdom generelt, og barnesjukdommar spesielt, rekna som «åndsfremjande» og ein naturleg del av utviklinga til mennesket. Som følgje av dette er vaksinedekninga ved fleireSteiner-skular mykje lågare enn i befolkninga elles.
Vaksinar har ei sentral rolle i mangekonspirasjonsteoriar, der vaksinar gjerne blir framstilte som eit verkemiddel styresmaktene bruker for å skade og kontrollere befolkninga. Det har blant anna blitt hevda atvaksinar inneheldmikrochips som gjer det mogleg for styresmaktene å drive utstrekt overvaking. Ein annan teori går ut på at vaksinar blir brukte som hjelpemiddel for å provosere fram einpandemi og ta livet av mange menneske. Styresmaktene har også blitt skulda for å samarbeide med legemiddelselskap som tener store pengar på å produsere vaksinar. Dette er grunnlause påstandar utan rot i verkelegheita.
Les meir i Store norske leksikon
- Skriven av:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
- VILKÅR FOR GJENBRUK:
- avgrensa gjenbruk
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forEpidemiologi og folkehelse


