Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon
Storemedisinskeleksikon

transkripsjon (molekylærbiologi)

Skriven av

DNA

DNA. Frå DNA til protein. Figurane illustrerer korleis DNA-molekylet kan gi instruksar om oppbygninga av eit protein. Dei viser korleis rekkjefølgja av basane i DNA-molekylet bestemmer rekkjefølgja av basane i mRNA-molekylet som fører instruksen ut i cytoplasma. Her føregår sjølve proteinsyntesen, og proteina blir bygde opp av aminosyrer i den rekkjefølgja mRNA-molekylet gir instruksar om ut frå den genetiske koden. Dei enkelte delane av figuren til venstre (a–c) er meir detaljert illustrerte til høgre.

Av/Store medisinske leksikon ※.

Transkripsjon er ein biologisk prosess der det blir laga einRNA-kopi av eingensekvens (DNA) som kodar for eitprotein. RNA-kopien blir kallamRNA (forkorting formessengerRNApå engelsk) eller bodbringar-RNA.

Faktaboks

Uttale

transkripsjon

Etymologi
avtrans- oglatinscribere, ‘skrive’

Transkripsjonen startar ved atenzymetRNA-polymerase bind seg til starten av gensekvensen og skil dei to DNA-trådane iDNA-dobbeltheliksen. Berre den eine DNA-tråden blir lesen av (kallatemplattråden ellerantisensetråden), og mRNA-et blir danna ved atribonukleotid blir hekta saman.

Transkripsjon er det første steget iproteinsyntesen, og informasjonen i mRNA-et blir deretter brukt til å lage protein gjennomtranslasjon.

Frå DNA til mRNA

Transkripsjon kan beskrivast i tre trinn:

  1. Det første trinnet erinitieringa,derenzymetRNA-polymerase bind seg til eit bestemt område på gensekvensen. Denne gensekvensen blir kallapromotor og signaliserer kvar transkripsjonen skal byrje. Bindinga av RNA-polymerase skjer ved hjelp av andre protein, kallatranskripsjonsfaktorar. Etter at RNA-polymerasen er festa, opnarDNA-dobbeltheliksen seg, og dei to DNA-trådane skilst frå kvarandre. Berre den eine DNA-tråden blir brukt somtemplat til å lage mRNA – denne blir kalla templattråden ellerantisensetråden. Den nylaga mRNA-tråden er identisk med den DNA-tråden som ikkje blir lesen av (sensetråden), bortsett frå at basenthymin (T) i DNA er bytt ut meduracil (U).
  2. I trinn 2, som blir kallaelongering,beveger RNA-polymerasen seg langs DNA-tråden, samtidig som eitt og eitt ribonukleotid (enkeltbyggjesteinar) blir lagd til mRNA-tråden. Rekkja av ribonukleotid dannar ein veksande mRNA-tråd. Medan dette skjer, blir DNA-dobbeltheliksen opna stadig vidare langs gensekvensen ved ein glidelåsliknande mekanisme.
  3. Transkripsjonen blir avslutta vedterminering.Den nysyntetiserte mRNA-tråden losnar frå gensekvensen på ein stad med ein bestemd DNA-sekvens (termineringssignal).

mRNA i cella

Etter at transkripsjonen er avslutta, blir den nylaga mRNA-tråden brukt som oppskrift for protein i cella. Dette er del 2 avproteinsyntesen og blir kallatranslasjon.

Iprokaryote organismar, sombakteriar, skjer både transkripsjon og translasjon icytoplasmaet. Dette er fordi dei prokaryote ikkje harcellekjerne, og mRNA-et treng heller inga omarbeiding før translasjonen startar.

Ieukaryote organismar, somdyr,plantar ogsopp, skjer transkripsjon i cellekjernen og translasjon icytoplasmaet. Før den ferdige mRNA-tråden blir frakta ut av cellekjernen og inn i cytoplasmaet, må mRNA-tråden modifiserast. Dette skjer gjennom ein prosess som blir kalla RNA-prosessering.

RNA-prosessering

RNA-prosessering.

RNA-prosessering. Under transkripsjonen i eukaryote celler blir det først danna eit primært RNA-transkript i cellekjernen. Det primære RNA-transkriptet blir forma om gjennom RNA-prosessering til det ferdige mRNA-et. Dette er mal for proteinet som genet kodar for, og blir sendt i cytoplasmaet til cella.

Av/Store medisinske leksikon ※.

Den heilt nylaga mRNA-tråden, som blir kalla primærtranskript, kan vere ulik i storleik sjølv om han kjem frå same gen. Dette er fordi termineringssignalet på DNA-sekvensen kan vere plassert på ulike stader. Primærtranskriptet består av to ulike typar segment, kallaekson ogintron. Berre eksona inneheld informasjon frå DNA-et om proteinet som skal dannast. RNA-prosesseringa startar omgåande ved at ein ekstra G (guanin) blir hengd på i starten av primærtranskriptet (dette blir kalla mRNA-cap), og at det blir kutta i den andre enden på ein bestemd stad, og at eit antal A-ar (adenin) blir hengde på (kalla polyA-hale). Deretter skjer mRNA-spleisinga ved at dei delane av mRNA-molekylet som inneheldintron, blir kutta ut, ogeksona blir spleisa saman til den endelege mRNA-tråden, som så forlèt kjernen og går over i cytoplasma og bind seg tilribosoma. Her startar såtranslasjonen, som er ein del avproteinsyntesen.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Bækkedal Sonnenberg, Cecilie; Børresen-Dale, Anne-Lise; Dissen, Erik:transkripsjon - molekylærbiologi iStore medisinske leksikon på snl.no. Henta frå https://sml.snl.no/transkripsjon_-_molekyl%C3%A6rbiologi

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forMolekylærbiologi

Maria Wilhelmsen Hoff
Stipendiat i molekylærbiologi, UiT – Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp