regionalt helseforetak
Regionalt helseforetak, også kjent under forkortinga RHF, er eit statseigdhelseføretak som omfattar alleoffentlege verksemder innanforspesialisthelsetenesta i eit geografisk definert område, einregion. Dei regionale helseføretaka har som oppgåve å leggja til rette for spesialisthelsetenester, forsking, undervisning og andre tenester som står i naturleg samanheng med dette.
Faktaboks
- Også kjend som
- RHF
Kvart av dei regionale helseføretaka består av fleirehelseføretak, forkorta HF, som omfattar eitt eller fleire sjukehus. Kvart helseføretak er heileigd av eit av dei fire regionale helseføretaka. Nokre helseføretak med spesielle funksjonar er eigde av dei fire regionale helseføretaka i fellesskap. Dette gjeld til dømesLuftambulansetenesta HF.
Dei regionale helseføretaka er regulerte gjennom helseføretaklova (15. juni 2001) og er også forplikta av krav i anna helselovgiving, ikkje minstspesialisthelsetenestelova,helsepersonellova,pasient- og brukarrettslova oghelseforskingslova.
Staten ved departementet eig dei regionale helseføretaka.Helse- og omsorgsdepartementet styrer dei regionale helseføretaka gjennom årlege oppdragsbrev, med tildeling av økonomiske rammer og krav til tenesteytinga. Gjennom å kalla inn til føretaksmøte (tilsvarande eigeneralforsamling foraksjeselskap) i det regionale helseføretaket, og val av styremedlemmer, kan departementet gjennomstatsråden utøva eigarmakta si. På same måte som departementet styrer dei regionale helseføretaka, har desse igjen styringsansvar overfor dei helseføretaka dei sjølve eig. Dette kjem også fram av dei årlege styringsdokumenta som dei regionale helseføretaka sender til dei underliggjande helseføretaka sine.
Historikk
I 2002, ved omorganiseringa av spesialisthelsetenesta, blei det etablert fem regionale helseføretak i Noreg. Fem år seinare, i 2007, blei Helse Sør RHF og Helse Aust RHF slått saman til Helse Sør-Aust RHF, og det er frå dette året fire regionale helseføretak:
- Helse Nord RHF, som har ansvar for spesialisthelsetenester iNord-Noreg, med administrasjon iBodø
- Helse Midt-Noreg RHF, som har ansvar for spesialisthelsetenester i Midt-Noreg, med administrasjon iStjørdal
- Helse Vest RHF, som har ansvar for spesialisthelsetenester iRogaland fylke ogVestland fylke, med administrasjon iStavanger
- Helse Sør-Aust RHF, som har ansvar for spesialisthelsetenester iOslo,Akershus,Buskerud,Østfold,Vestfold,Telemark,Innlandet ogAgder, med administrasjon iHamar
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
- Skriven av:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar (3)
skreivFartein Geithus
svarteSverre Olav Lundal
svarteGeir Sverre Braut
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.