Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon
Storemedisinskeleksikon

prednisolon

Prednisolon er eitsyntetiskglukokortikoid som blir brukt ved tilstandar somrevmatiske sjukdomar,inflammatorisk tarmsjukdom, alvorlegastma/kols og som del av eit kreftbehandlingsregime.

Faktaboks

Uttale

prednisolon

Bruk

Prednisolon er eit effektivtbetennelsesdempande middel som er omtrent fem gongar sterkare ennkortisol, som vert produsert naturleg ibinyrebarken. Effekten avlegemiddelet kjem allereie frå fyrste dag.

Dosering

Doseringa er avhengig av kva for sjukdom eller tilstand ein vil behandle. Lågdose vedlikehaldsdosering er på 2,5–10 mg/døgn, og høgdosering er på 20–80 mg/døgn.

Det naturlege nivået av kortisol i kroppen er høgast om morgonen. Difor er det hensiktsmessig å ta prednisolon på denne tida for å etterlikne kroppen mest mogleg.

Forholdsreglar

Ved å tilføre prednisolon vil eigenproduksjonen avglukokortikoid i kroppen bli redusert. Det er difor svært viktig at nedtrappinga av dosen skjer over tid slik at kroppen får tid til å starte produksjonen sin tilstrekkeleg opp igjen.

Biverknadar

Biverknadar er sjeldne ved bruk av lågdose prednisolon. Ein bør ta medisinen med litt mat og vatn for å unngå mage- og tarmproblem.

Dei meir alvorlege biverknadane kjem ved bruk av høgdose prednisolon over lang tid. Biverknader er då vanleg og inkluderer mellom anna auka matlyst, vektauke, væskeopphoping i kroppen, forandring i kroppsfigur og utsjånad, blant anna rundare ansikt, på grunn av endra feittfordeling (Cushings syndrom), hudforandringar, humørsvingingar, uro og søvnvanskar.

Ved bruk av høgdose prednisolon over lang tid kan ein utvikle beinskjørheit (osteoporose). Prednisolon fører til atskjelettet mistarkalk. Det er difor viktig med tilstrekkeleg tilførsel av kalsium ogD-vitamin under prednisolonbehandling.

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Solsvik, Ingrid Kinne:prednisolon iStore medisinske leksikon på snl.no. Henta frå https://sml.snl.no/prednisolon

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forHormoner til systemisk bruk, ekskl. kjønnshormoner og insulin

Hedvig Nordeng
Professor, Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp