histamin
Histamin er eitnitrogenhaldig stoff (amin) som vert produsert i kroppen og finst lagra i dei flestevev. Særleg er det mykje histamin iunderhuda, langstarmane, iluftvegane og i ein bestemt typekvite blodceller. Desse blodcellene vert kallabasofile granulocyttar, og er i nær slekt med liknande histaminrikeceller ute i veva som heitermastceller.
Produksjon av histamin

Histamin lages fra aminosyren histidin.
Histamin vert danna fråaminosyrahistidin ved hjelp av ulikeenzym, og vert også broten ned av enzym (diamin oksidase eller DAO, eldre nemninghistaminase). Histamin vert først og fremst danna og lagra i dei to celletypane som er nemnde ovanfor, altsåmastceller ogbasofile granulocyttar.
Frisetting av histamin
Histamin vert sett fri frå mastcellene og dei basofile granulocyttane vedallergiske reaksjonar, både vedmatallergi,høysnue (også kalla allergisk snue ellerrhinokonjuktivitt),astma ogelveblest. Også ved nokre andre tilstandar ennallergi, mellom annapseudoallergiske reaksjonar,dermografisme og mastocytose og ved skade på vevet vert histamin (og enkelte andre stoff) sett fri. Ved nokre tilstandar kan histamin bli sett fri også ved moderat fysisk påverknad som trykk eller skraping på huda (dermografisme), kulde eller varme (kuldeurtikaria og varmeurtikaria), eller soling (solurtikaria).
Verknader
Fritt histamin har ei lang rad ulike verknader. Først og fremst gir histamin utviding av dei minste blodårane (kapillærane) og samantrekning avglatte musklar som vi har i tarmen og luftvegane. Utvidinga avkapillærane fører i sin tur til atblodtrykket vert lågare i dei sentrale delane avblodomløpet, og personen kan gå isjokk. Denne verknaden av histamin vert motverka avadrenalin.
Kjertlar i luftvegane ogspyttkjertlane vert stimulerte av histamin. Histamin tek også del i kontrollen av magesaftsekresjonen. Sprøyter ein histamin inn i huda, vert ho raud i det lokale området på grunn av utviding av dei små blodårane.Kløe er ein verknad av histamin.
Giftene hos mange insekt (bier,kveks,maur) inneheld histamin. Histamin finst også i fleireplanter, mellom annabrennesle. I sjeldne tilfelle kan histamin bli danna frå histidin nårbakteriar veks i enkelte matvarer (matforgiftning), som til dømesfisk. Tidlegare trudde ein at ein då hadde ei histaminforgifting, men nyare forsking viser at det er bakterievekst som gir forgiftinga, og at den auka mengda histamin berre er einindikator på at fisken byrjar å bliskjemd. Ein får ingaforgifting av den auka histaminmengda i seg sjølv (engelsk:scombroid poisoning).
Histaminintoleranse var tidlegare vurdert som årsak til matreaksjonar, men dette har ein gått bort frå. I dobbelblinda forsøk var det ingen skilnad på reaksjonane på mat med og utan histamin og på dobbelblinda provokasjonar med rein histamin motplacebo, hos pasientar som meldte om histaminintoleranse.
Legemiddel mot histamin
Legemiddel som verkar mot histamin vert kallaantihistamin. Dei vert i hovudsak brukte ved allergiske tilstandar, fordi histamin er den direkte årsaka tilallergisymptoma. Histaminmolekyla vert etter frisetting frå mastceller og basofile granulocyttar bundne til mottakarmolekyl (reseptorar) på overflata av andre celler, og dette løyser ut ein reaksjon frå desse cellene som gir allergisymptoma.Antihistaminpreparata verkar ved at dei blokkerer bindinga av histamin til mottakarmolekyla (reseptorane) på celleoverflata.
Det finst ulike typar mottakarmolekyl (histaminreseptorar) på ulike typar celler.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar (2)
skreivMartinus Løvik
Takk! Det var feil 'amin', ja. Har nå retta koblinga, så den er til 'biogene aminer'.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.