Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon
Storemedisinskeleksikon

fastlege

Artikkelen finst i enkel versjon iLille norske

Skriven av

Fastlege er einlege som inngår avtale med einkommune om å delta ifastlegeordninga. Dette er uavhengig av om legen er tilsett i kommunen eller ersjølvstendig næringsdrivande.

Dei fleste fastlegar er spesialistar iallmennmedisin eller deltek i eit utdanningsprogram med sikte på å oppnå godkjenning somspesialist. Dette er likevel ikkje eit formelt krav til fastlegar.

Faste oppgåver

Ifølgje forskrift om fastlegeordning i kommunene skal fastlegen dekkja alle allmennlegeoppgåver for dei personane hen har på lista si. Fastlegen skal gje desse personane prioritet framfor andre som søkjer hjelp, utanom i situasjonar som krev akutthjelp.

Fastlegen er oftast pasientens første kontakt med helsetenesta når eit helseproblem oppstår. Fastlegen har ansvar for utgreing av problemet, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasienten. Fastlegen skal ved behov også vise pasienten til spesialisthelsetenesta, samt koordinere tilbodet av tenester pasienten skal ha frå primær- og spesialisthelsetenesta.

Fastlegen gjev pasienten medisinsk rettleiing og bidrar til dømes med å finne løysingar på helseproblem i samarbeid med arbeidsgjevar, NAV og bedriftshelsetenesta.

Andre oppgåver

Fastlegeansvaret omfattar likevel ikkje tenester påhelsestasjon, iskulehelsetenesta eller vedsjukeheimar. Kommunen kan påleggja fastlegar å delta i andre kommunale tenester, til dømes somsjukeheimslege ellerfengselslege, i inntil 7,5 timar per veke.

Med nokre unntak har fastlegar plikt til å delta i kommunal eller interkommunallegevaktordning. Fastlegen skal kunna få og vurdera alle typar førespurnader i opningstida si. Systemet for mottak av telefonførespurnader skal vera slik innretta at minst 80 prosent av førespurnadene kan svarast på i løpet av to minutt. Fastlegen har plikt til å tilby hjelp til personar som har behov for legehjelp, men ikkje sjølve søkjer hjelp.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Braut, Geir Sverre; Hagen, Terje P.:fastlege iStore medisinske leksikon på snl.no. Henta frå https://sml.snl.no/fastlege

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forHelseinstitusjoner

Terje P. Hagen
Professor, Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp