
e-helse

E-helse er bruk avinformasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) for å forbetra effektivitet, kvalitet og tryggleik i helse- og omsorgssektoren. Norske helsestyresmakter sin definisjon av e-helse samsvarer i stor grad med korleis omgrepete-health blir brukt internasjonalt.
Faktaboks
- Også kjend som
Engelske-health
Lovregulering
I utgangspunktet følgjer lovreguleringa av e-helsetenester dei same prinsippa som all anna helseteneste. Sentrale lovkrav finst såleis til dømes både ilov om helsepersonell oglov om pasientjournal.
Verkemiddel
Ein del av verkemidla i e-helsearbeidet handlar om å bruka mobile einingar og dataprogramvare som enkeltpersonar kan ha med seg til dagleg. Dette blir ofte omtalt som m-helse (mobilhelse). Det handlar ikkje berre om hjelpemiddel til støtte for helsepersonellet i deira arbeid, men også verkemiddel som kan nyttast av folk flest både til helsefremjande og behandlande føremål. Til dømes einskritteljar, som finst på mangemobiltelefonar, kan vurderast som eit m-helseverkemiddel.
Kjernejournal
Ordninga medkjernejournal,som er teken i bruk i Noreg, er eit konkret døme på eit e-helsetiltak som kan vera til nytte både for kvar enkelt innbyggjar og for helsepersonellet.
Kjernejournalen inneheld sentrale opplysningar om helsa til alle nordmenn med ein medisinskjournal. Både pasient og helsepersonell har tilgang til kjernejournalen via helsenoreg.no.
Frå telemedisin til e-helse
Omgrepet e-helse kan sporast tilbake til seint på 1990-talet. Deretter har det i aukande grad blitt brukt både om korleis ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi blir nytta i helsetenesta, og korleis meir tradisjonell kommunikasjonsteknologi kan utnyttast på nye måtar.
E-helse omfattar også det som på 1980- og 1990-talet ofte blei omtalt somtelemedisin.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.