Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon
Storemedisinskeleksikon

allergisk reaksjon

Skriven av

Allergisk reaksjon er ein overfølsemdsreaksjon som følgje av at detimmunologiske systemet til kroppen reagerer på stoff frå miljøet utanfor kroppen som vanlegvis ikkje er sjukdomsframkallande (allergen). Alle slike overfølsemdsreaksjonar derimmunsystemet deltek, blir karakteriserte som allergiar uansett type immunologisk mekanisme.

I praksis er det to hovudformer for allergi:IgE-avhengig allergi og celleavhengigkontaktallergi.

IgE-avhengig allergi

IgE-avhengig allergi er den klassiske allergiske reaksjonen som blir utløyst når antistoff av typenIgE, som er ein naturleg del av forsvarssystemet til kroppen, reagerer med eit allergen. Allergena som IgE reagerer med, er i dei aller fleste tilfellaprotein. IgE har evne til å feste seg på overflata av visse typar betennelsesceller, spesieltmastceller ogbasofile granulocyttar. Mastcellene finst mellom anna ihuda,naseslimhinna,bronkialslimhinna ogtarmslimhinna. Når IgE-antistoffet på overflata av desse celletypane kjenner igjen og bind seg til eit allergen, blir det frigjort stoff (mellom annahistamin) som utløyser betennelse frå cellene.

Kva symptom som oppstår ved ein allergisk reaksjon, er avhengig av kva organ som er påverka: huda – kløe og utslett; nasen og auga – kløe, snue og nysing; dei nedre luftvegane – hoste og tung pust; tarmen – magesmerter og laus avføring. Den mest alvorlege forma for allergisk reaksjon blir kallaanafylaktisk sjokk. Dette kan inntreffe når allergireaksjonen skjer samtidig i fleire organ i kroppen.

Celleavhengig kontaktallergi

Celleavhengig kontaktallergi er i hovudsak ein hudallergi som er årsak tilallergisk kontaktdermatitt. Dette er ei form for eksem som kjem av at ein type immunceller,T-lymfocyttar, reagerer med kjemiske stoff som kjem i kontakt med huda. Det oppstår då ein betennelsesreaksjon, der fleire typar celler deltek, som kjem til uttrykk someksem.

Allergena ved denne forma for allergi er lågmolekylære kjemiske stoff: anten menneskelagakjemikaliar, somme typarmetall eller kjemiske stoff som finst til dømes i mangeplantar. Allergisk kontaktdermatitt kjem derfor ofte av kontakt med metall (særlegnikkel) ismykke ellerknappar, kjemikaliar ihudpleieprodukt eller stoff ein kjem i kontakt med i arbeidet (til dømes metallarbeidarar, gartnarar og frisørar).Yrkeseksem eller yrkesdermatitt kjem derfor ofte av celleavhengig kontaktallergi, men det kan òg ha andre årsaker (IgE-avhengig allergi, hudirritasjon).

Les meir i Store norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Opdahl, Helge; Skjønsberg, Ole Henning; Løvik, Martinus:allergisk reaksjon iStore medisinske leksikon på snl.no. Henta frå https://sml.snl.no/allergisk_reaksjon

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forAllergologi

Marie Alnæs
Haukeland universitetssjukehus

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp