Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon
Storemedisinskeleksikon

Rikshospitalet

Skriven av

Rikshospitalet
Rikshospitalet er ein del av Oslo Universitetssykehus. Rikshospitalet har landsfunksjon for mange medisinske oppgåver, mellom anna transplantasjonsmedisin.
Rikshospitalet
Av.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rikshospitalet er eitsjukehus iOslo som frå 1. januar 2009 er ein del avOslo universitetssykehus HF, eithelseføretak som ligg under detregionale helseføretaket Helse Sør-Øst.

Sjukehuset driv med pasientbehandling, rådgiving og dessutan forsking og utdanning av helsepersonell. Det er eit spisskompetansesjukehus på ei rekkje fagområde for Helse Sør-Øst. Sjukehuset har ei rekkje funksjonar for fleire regionar og har også landsfunksjonar. Blant landsfunksjonane til Rikshospitalet ertransplantasjon avorgan,epilepsikirurgi,beinmergstransplantasjon,blødarkirurgi, komplisertreimplantasjonskirurgi ogkjønnsinkongruens.

Sjukehuset har også fleirregionale funksjonar for mellom annahjartekirurgi for barn og behandling av barn medleppe-kjeve-ganespalte. Innan visse fagområde, til dømesbarnesjukdommar, er sjukehuset lokalsjukehus for befolkninga i fleire kommunar.

Undervisning og forsking

Rikshospitalet
I 1883 flytte Rikshospitalet til Pilestredet.
Av/Oslo Museum.

Rikshospitalet er eituniversitetssjukehus og eit nasjonalt senter for forsking. I samband med sjukehusverksemda innan utdanning av helsepersonell er sjukehuset ein hovudbase for mykje av den pasientnære utdanninga vedUniversitetet i Oslo. Undervisninga dekkjer utdanning av medisinske studentar, spesialutdanning av legar og dessutan grunn- og vidareutdanning av sjukepleiarar.

Historikk

Empirekvartalet
Dei første femti åra heldt Rikshospitalet til i Empirekvartalet i Akersgata, derRegjeringskvartalet ligg i dag.

Rikshospitalet blei etablert 1826 iEmpirekvartalet i Akersgata med plass til 100 medisinske og kirurgiske pasientar og 55 hudsjuke pasientar. Sjukehuset flytta 1883 til eit område ved Pilestredet i Oslo og var lokalisert der til mai 2000, då det flytta tilGaustad. Det same året blei verksemdene ved Statens senter for ortopedi, tidlegareSophies Minde ogKronprinsesse Märthas institutt, ogOslo Sanitetsforenings Revmatismesykehus lagde under Rikshospitalet.

Rikshospitalet ogRadiumhospitalet blei i 2005 slått saman til helseføretaketRikshospitalet-Radiumhospitalet. Det nye helseføretaket er frå 1. januar 2009 slått saman med dei to tidlegare universitetssjukehusaAker universitetssykehus ogUllevål universitetssykehus tilOslo universitetssykehus HF.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Braut, Geir Sverre; Antonsen, Robin:Rikshospitalet iStore medisinske leksikon på snl.no. Henta frå https://sml.snl.no/Rikshospitalet

Bidra

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Fagansvarleg forHelseforetak og sykehus

Geir Sverre Braut
Professor, Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp