Skilt som opplyser om ei minstehøgde på 120 cm.Samanlikning av høgda til ulike statuar.
Høgd ellerhøgde er den vertikale utstrekkinga til noko, til dømesavstanden frå nedst til øvst av noko som er ståande. Det kan også vera den vertikale avstanden til eit visst punkt, som bakken eller havoverflata.[1][2]Som medlengde ogbreidde er høgda målt ieiningar for lengde.
Igeodesi er høgde den metriske, vertikale avstanden eit punkt (vanlegvis i terrenget, som til dømes ein fjelltopp) har over eireferanseflate, som til dømes gjennomsnittleghavnivå. Ein meir presis definisjon av ei referanseflate er eingeoide, som er ekvipotensialflata tilgeopotensialet som i gjennomsnitt fell saman med gjennomsnittleg havnivå. Ei høgde som er målt i forhold til ein geoide kallar einortometrisk høgde.
Høgda til menneske er noko ein studerer innanforantropometri. Som det har blitt påpeikt i ein artikkel iThe New Yorker[3] er gjennomsnittshøgda til menneskepopulasjonar eit greitt mål på alle faktorane som påverkar ei velværet til ei gruppe. Mens variasjonar i høgde i ein populasjon er avhengig avgenetikk, så er variasjonar i høgde mellom populasjonar fyrst og fremst avhengig av miljøet.FN brukar høgde som eit av fleire mål til å overvakeernæringsforhold iutviklingsland. I menneskepopulasjonar kan høgde uttrykke komplekse data om oppveksten, dei sosiale forholda, ernæringa og helseforholda til ei gruppe.[treng kjelde]