Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Zulu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjåZulu (fleirtyding).
Zulu
isiZulu
KlassifiseringNiger-kongospråk
 Atlantisk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantoid
     Sørleg
      Eigentleg bantuspråk
       Nguni
        Zulu
Bruk
Tala i Sør-Afrika
 Eswatini
 Lesotho
 Malawi
Zulutalande i alt9 563 000[1]
SkriftsystemDet latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Sør-Afrika
Språkkodar
ISO 639-1zu
ISO 639-2zul
ISO 639-3zul
Wikipedia på zulu

Zulu, òg kjend somisiZulu, er eitbantuspråk iniger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende somzuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur iSør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu iMalawi,Mosambik ogEswatini.

Prosentmessig del av folkesetnaden som snakkar zulu i ulike delar av Søra-Arika.
██ 0–20%██ 20–40%██ 40–60%██ 60–80%██ 80–100%

Grammatikk

[endre |endre wikiteksten]

Zulu er eittonespråk. Zulu er også kjend for å haklikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.

Zulu er eitagglutinerandeSVO-språk og høyrer til språkfamiliennguni. IM. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu tilsone S.

Språkhistorie

[endre |endre wikiteksten]

Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Somxhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer avbantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka tilkhoisan- ogsanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.

Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eittalespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonærenHans Schreuder.[2] Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu fråNatal,Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren avInsila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.

Utviklinga til skriftspråket vart styrd avZulu Language Board iKwaZulu-Natal fram til dette blei erstatta avPan South African Language Board, som tek for seg alle dei offisielle språka i Sør-Afrika.

Lydlære

[endre |endre wikiteksten]

Vokalar

[endre |endre wikiteksten]
FremreSentralBakre
Lukkaiu
Midtreeo
Opena
IPAEksempel (IPA)Eksempel (orto.)TydingMerknader
[i][ˈsiːza]-siza«hjelpe»Uttalt som i-en i ordetrik
[u][uˈmuːzi]umuzi«landsby»Uttalt som o-en i ordetmor
[e][umgiˈɓeːli]umgibeli«passasjer»«e» vert uttalt[e] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt
[ɛ][ˈpʰɛːɠa]-pheka«lage mat»«e» vert uttalt[ɛ] andre stader.
[o][umaˈɠoːti]umakoti«brur»«o» vert uttalt[o] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt
[ɔ][ɔˈgɔːgo]ogogo«bestemor»«o» vert uttalt[ɔ] andre stader.
[a][ˈdaːda]-dada«pusle»Uttalt som «mama» på engelsk

Konsonantar

[endre |endre wikiteksten]
LabialDental/alveolarPostalveolarVelarGlottal
sentrallateral
Klikkvanleg[ǀ][ǁ][ǃ]
aspirert[ǀʰ][ǁʰ][ǃʰ]
depressor[ᶢǀʱ][ᶢǁʱ][ᶢǃʱ]
nasal[ᵑǀ][ᵑǁ][ᵑǃ]
depressor-nasal[ᵑǀʱ][ᵑǁʱ][ᵑǃʱ]
Nasalplain[m][n][ɲ][ŋ]
depressor[m̤][n̤][ɲ̈][ŋ̈]
Plosivvanleg[pʼ][tʼ][kʼ]
aspirert[pʰ][tʰ][kʰ]
depressor[b̤][d̤][ɡ̈]
implosiv[ɓ][ɠ]
Affrikatvanleg[tʃʼ][kxʼ]
depressor[dʒ̈]
Frikativvanleg[f][s][ɬ][ʃ][h]
depressor[v̤][z̤][ɮ̈][ɦ̤]
Approksimantvanleg[l][j][w]
depressor[ȷ̈][w̤]

Konsonantane markert medtrema (to prikkar) erdepressor-konsonantar som påverkar tonen til stavinga si.

Klikkelydar

Zulu har treklikkelydar:

  • c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd)
  • q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop»)
  • x: lateral (som ein smattar på hestar)
UttaltEksempel (IPA)Eksempel (skrive)TydigMerknader
ǀ[iːˈǀiːǀi]iciciøyrering
[ǀʰ][úɠuˈǀʰáːza̤]ukuchazaå forklara/fasinera
[ᶢǀʱ][ísiᶢǀʱǐ̤ːno]isigcinoende
ᵑǀ[iᵑǀwáːᵑǀwa]incwancwasyrna maismjøl
[ᵑǀʱ][iᵑǀʱǒ̤ːsi]iconsidrope
ǃ[iːǃáːǃa]iqaqailder
[ǃʰ][iːǃʰúːde̤]iqhudehane
[ᶢǃʱ][umᶢǃʱi̤ɓɛ́ːlo]uMgqibelolaurdag
ᵑǃ[iᵑǃɔ́ːla]inqolavogn
[ᵑǃʱ][iᵑǃʱɔ̤̌ːndo̤]ingqondohjerne
ǁ[iːǁɔ́ːǁo]ixoxofrosk
[ǁʰ][úɠuǁʰáːsa]ukuxhasaå støtta
[ᶢǁʱ][úɠuᶢǁʱɔ̤̌ːɓa]ukugxobaå trampa
ᵑǁ[iᵑǁɛ́ːɓa]inxebasår
[ᵑǁʱ][iᵑǁʱɛ̤̌ːɲe]ingxenyedel

Språkdøme

[endre |endre wikiteksten]

Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.

SawubonaHei til éin person
SanibonaniHei til ei gruppe
Ngiyabonga (kakhulu)(Tusen) takk
Hamba kahle/Sala kahleHa det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle»)
Hambani kahle/Salani kahleHa det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk
Eish!Wow! (utrop ved sjokk/overrasking, også brukt isørafrikansk engelsk)
HhayiboNei!/Stopp!/Ikkje! (også brukt isørafrikansk engelsk)
YeboJa
ChaNei
AngaziEg veit ikkje
Ukhuluma isiNgisi na?Snakkar du engelsk?
Ngisaqala ukufunda isiZuluEg har nett byrja lære zulu
Uqonde ukuthini?Kva meiner du?

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Ethnologue-tal frå 1996
  2. Rakkenes, Øystein (2003).Himmelfolket: En norsk høvding i zululand. Oslo: Cappelen Forlag. s. 63–65.  Oppgjeve av bokmålswikipedia.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennespråkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Zulu&oldid=3406283»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp