Al-Ziyarah | |||
Zeyareh,الزيارة | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Al-Suqaylabiyah | ||
Nahiyah | Al-Ziyarah | ||
Koordinatar | 35°41′21″N36°20′18″E / 35.68917°N 36.33833°E /35.68917; 36.33833 | ||
Folketal | 3 541 (2004) | ||
![]() Al-Ziyarah 35°41′21″N36°20′18″E / 35.68916667°N 36.33833333°E /35.68916667; 36.33833333 | |||
Al-Ziyarah (arabiskالزيارة, òg skriveZeyareh) er ein by nord iSyria iHama guvernement, 75 kilometer nordvest forHama. Han ligg påGhabsletta, ved austbreidda avOrontes.[1] Av stader i nærleiken finn einQarqur 7 kilometer mot nord,Sirmaniyah i nordvest,Qastun i aust ogFarikah,Khirbet al-Arus ogal-Amqiyah Tahta i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Ziyarah eit folketal på 3 541 i 2004. Han er òg senter for eitnahiyah («underdistrikt»), ein del avAl-Suqaylabiyah-distriktet, som består av 25 stader med eit samla folketal på 38 872 i 2004.[2]
Al-Ziyarah er identifisert som denarameisk byen «Ziara» frå antikken, som var ein del av kongedømetHamath.[1]
Namnetal-Ziyarah er arabisk for «vitjingsplass». Al-Ziyarah har fått namnet frå ein heilagdom med to kuplar som ligg i byen.[3] Domen er kvit og omgjeve av eiketre.[4] Frå her har ein utsyn over sletta kring byen ogNusayriyahfjella.[3]
Før 1960 varnahiyah al-Ziyarah ein del avIdlib guvernement, før det vart ein del av Hama guvernement.[5] I 1970 bestod ein gjennomsnittleg hushaldning i al-Ziyarah av nesten ni personar.[6] Eit prosjekt for kunstig vatning som dekte 17 400 hektar i al-Ziyarah-området vart sett i gang i 1990.[7] Prosjektet stod ferdig med bygginga avZeyzoundammen i 1995. Den 4. juni 2002 kollapsa dammen og skapte storflaum i området. I fem byar, mellom anna al-Ziyarah, vart hundrevis av bustadhus anten øydelagde eller fekk store skadar, noko som fekk dei syriske styresmaktene til å be om internasjonal hjelp. I alt mista ti personar livet, fem av dei, to kvinner, to born og ein tilsett ved dammen, budde i al-Ziyarah.[8]
Den 5. november 2012, underden syriske borgarkrigen eksploderte ei bilbombe utanfor eit statleg utviklingsbyrå i in al-Ziyarah. Statleg media hevda at to personar omkom og 10 vart skadde, medan aktivistar på den andre sida hevda at 50 syriske soldatar og statlege militssoldatar omkom.[9]