Plasseringa av Zhangye (gul) i GansuUtsikt i Zhangye
Zhangye (kinesisk: 张掖;pinyin) er eitbyprefektur straks vest for dei sentrale delane av provinsenGansu, i den vestlege delen avKina. Byprefekturet har eit areal på 40 874 km² og 1 199 515 ibuarar i 2010. I sjølve byen Zhangye bur om lag 490 000 menneske.
Byprefekturet Zhangye omfattar eitt distrikt (区qū), fire fylke (县xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县zìzhìxiàn).
Zhangye er ein del avHexi-korridoren, landskapet der folk kan livberge seg mellom høgfjella i sørvest ogTenggerørkenen i nordaust. Dei vestlegaste delane avDen kinesiske muren går gjennom prefekturet.
Tidlegare heitte byen Ganzhou.Marco Polo skriv i reiseskildringaIl Milione at han budde eitt år i ein by kallaCampichu. Ein trur den byen må ha vore Ganzhou (Zhangye).