Zagrosfjella (farsi رشته كوه زاگرس,kurdisk زنجیرهچیای زاگرۆس,Çiyayên Zagrosê,lurisk کۆیەلی زاگروس,gammalsyrisk ܛܘ̣ܪܵܢܹܐ ܕܙܵܓܪܘ̇ܣ,arabisk جبال زغروس,nyarameisk ܛܘܪ ܙܪܓܣ,) er den størstefjellkjeda iIran,Irakisk Kurdistan og det søraustlegeTyrkia. Fjellkjeda har ei samla lengd på 1 500 km og byrjar nordvest i Iran, nær den vestlege grensa i landet. Ho strekkjer seg vestover og sørvestover over heileDet iranske platået og endar vedHormuzsundet. Det høgaste punktet i Zagrosfjella erDena.
Zagros vart danna då totektoniske plater,den eurasiatiske ogden arabiske plata. Denne kollisjonen skjedde hovudsakleg imiocen og folda berga som hadde vore avsett ikarbontida og fram til miocen igeosynklinen føre den iranske plata. Prosessen føregår framleis og sidan den arabiske plata framleis vert pressa mot den eurasiatiske plata, vert Zagrosfjella ogDet iranske platået høgare og høgare.
Dena, det høgaste fjellet i Zagrosfjella, har framleis isbrear.
Fjella i Aust-Zagros, Kuh-i-Jupar (4135 moh), Kuh-i-Lalezar (4374 moh) og Kuh-i-Hezar (4469 moh) har ikkje isbrear i dag. BerreZard Kuh ogDena har somme isbrear att. Før og under den siste istida var det derimot store isbrear her, med ein tjukkleik på meir enn 2 160 meter. Ein har funne spor etter ein 20 km lang isbre på nordsida av Kuh-i-Jupar med ein tjukkleik på 350-550 meter. Under nedbørsforhold liknande det ein har i dag, kunne ein ha venta ein isbre ed ein slik storleik om den årlege middeltemperaturen var mellom 10,5 og 11,2 °C, men sidan tilhøva er venta å ha vore tørrare på denne tida, må temperaturen ha vore lågare[5][6][7][8]
Zagrosfjella har fleireøkosystem. Av dei viktigaste finn einskogs- ogskogssteppeområde medhalvtørt klima. Årsmiddelnedbøren varierer frå 400 til 800 mm og det meste kjem om vinteren og våren. Vintrane er harde med temperaturer ofte under −25 °C. Regionen har ein kontinental variant avmiddelhavsklima med snørike, kalde vintrar og mild, regnfull vår, etterfølgd av ein tørr sommar og haust.[9]
Sjølv om Zagrosregionen i dag er forringa avoverbeite ogavskoging, har regionen framleis eit rikt og variert planteliv. Restar av den opphavlege omfattandeeikeskogen eksisterer framleis, og det same gjer dei parkliknande slettene medpistasje ogmandel. Opphavet til mange kjende matverer, somkveite,bygg,linser, mandel,valnøt, pistasje,aprikos,plommer,granateple ogdruer veks vilt i fjella.[11]Persisk eik (Quercus brantii) (dekkjer meir enn 50 % av skogområda i Zagros) er den viktigaste tresorten i Zagros i Iran.[12]
Zagros har mange utryddingstruga organismar, som ein musliknandehamster (Calomyscus bailwardi),basratrostesongar (Acrocephalus griseldis) ogstripete hyene (Hyena hyena).Persisk dåhjort (Dama dama mesopotamica), eit eldgamalt husdyr ein trudde var utrydda, vart oppdaga på ny seint på 1900-talet iKhuzestan sør i Zagros.
Ein har funne teikn på tidleg jordbruk heilt attende til kring år 9000 fvt. ved foten av Zagrosfjella,[14] i byar seinare kallaAnshan ogSusa.Jarmo er ein arkeologisk stad i dette området.Shanidargrotta, der ein har funne skjelett av fleireneandertalar, er ein annan stad her.
Somme av dei tidlegare bevisa forvinproduksjon er oppdaga i Zagrosfjella. Både busetjinganeHajji Firuz Tepe ogGodin Tepe har gjeve bevis på vinlagring datert til mellom 3500 og 5400 fvt.[15]
↑Nilforoushan F., Masson F., Vernant P., Vigny C., Martinod J., Abbassi M., Nankali H., Hatzfeld D., Bayer R., Tavakoli F., Ashtiani A., Doerflinger E., Daignières M., Collard P., Chéry J., 2003. GPS network monitors the Arabia-Eurasia collision deformation in Iran, Journal of Geodesy, 77, 411–422.
↑Hessami K., Nilforoushan F., Talbot CJ., 2006, Active deformation within the Zagros Mountain deduced from GPS measurements, Journal of the Geological Society, London, 163, 143–148.
↑Kuhle, M. (1974):Vorläufige Ausführungen morphologischer Feldarbeitsergebnisse aus den SE-Iranischen Hochgebirgen am Beispiel des Kuh-i-Jupar. Zeitschrift für Geomorphologie N.F., 18, (4), s. 472-483.
↑Kuhle, M. (1976):Beiträge zur Quartärgeomorphologie SE-Iranischer Hochgebirge. Die quartäre Vergletscherung des Kuh-i-Jupar. Göttinger Geographische Abhandlungen, 67, Vol. I, s. 1-209; Vol. II, s. 1-105.
↑Kuhle, M. (2007):The Pleistocene Glaciation (LGP and pre-LGP, pre-LGM) of SE-Iranian Mountains exemplified by the Kuh-i-Jupar, Kuh-i-Lalezar and Kuh-i-Hezar Massifs in the Zagros. Polarforschung, 77, (2-3), s. 71-88. (Erratum/ Clarification concerning Figure 15, Vol. 78, (1-2), 2008, s. 83.
↑Kuhle, M. (2011):The High Glacial (Last Ice Age and Last Glacial Maximum) Ice Cover of High and Central Asia, with a Critical Review of Some Recent OSL and TCN Dates. Ehlers, J., Gibbard, P. L., Hughes, P. D. (Eds.). Quaternary Glaciation - Extent and Chronology, A Closer Look. Amsterdam, Elsevier B.V, s. 943-965, (glacier maps downloadable:http://booksite.elsevier.com/9780444534477/).
↑Frey, W.; W. Probst (1986). Kurschner, Harald, red. «A synopsis of the vegetation in Iran».Contributions to the vegetation of Southwest Asia (Wiesbaden, Tyskland: L. Reichert): 9–43.ISBN3-88226-297-4.