Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Zaporozje-kosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avbilding av ein zaporozje-kosakk frå 1587.
Zaporozje-kosakkar skildra avIlja Repin i målerietZaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen (1880,Det russiske museum,Sankt Petersburg)

Zaporozje-kosakkar, eller berrezaporozjarar (ukrainsk ЗапорожціZaporozjtsi,polskKozacy zaporoscy) varukrainskekosakkar som budde på andre sida av stryka vedDnepr, området som vart kalla Dei store engene iSentral-Ukraina. I dag er det meste av dette området underlagt vatn avKakhovkareservoaret.

Zaporozjisk Sitsj voks raskt på 1400-talet dåliveigne bønder flykta frå meir kontrollerte delar avDet polsk-litauiske samveldet[1] og oppretta ei politisk eining med eit parlamentarisk system som styre. Frå 1500- til 1700-talet vart zaporozje-kosakkane ein sterk politisk og militær styrke som utfordra styresmaktene i Polen-Litauen,tsardømet Russland,Det osmanske riket og den osmanske vasallstatenKrim-khanatet.Hæren gjekk gjennom ei rekkje konfliktar og alliansar med dei tre maktene før dei fall under det russiske makta og til slutt vart oppløyst med tvang seint på 1700-talet avDet russiske imperiet. Det meste av folkesetnaden vart flytta tilKuban-området sør iDet russiske imperiet. Kosakkane spelte der ei viktig rolle i å forsvare imperiet mot aggressive kaukasiske folk og til gjengjeld fekk dei mykje fridom av tsarane.

Namnet Zaporozje kjem av plasseringa til festninga deira i Zaporozjzjija, som tyder «landet på andre sida av stryka».

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Cossacks at the Encyclopedia of Ukraine

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Zaporozje-kosakkar
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Zaporozje-kosakkar&oldid=3599469»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp