Zambratija-vraket er restane etter ein båt frå seinbronsealder. Det vart funne i i 2008 på grunt vatn i Zambratijabukla nærUmag på den kroatiske halvøyaIstria, iAdriahavet.
Delen av båten som vart funnen er 6,7 meter lang. Båten er rekonstruert til ei lengd på 9,11 meter. Han var utan last. Ut i frå utsjånad har han vorte vurdert som ein robåt til rask transport langs kysten eller på elvane i området.[1]Zambratija-vraket er datert frå, det 12 til det 10. hundreåret fvt. Det er det eldste funnet av farkost med sydde bord iMiddelhavet.
Båten har ein kjølliknande botnplanke avalm.Oppbordinga, som og er av alm, er utført i ein særmerkt syteknikk.Borda er lagde kant i kant Dei er samansydde med plantefibrar som går gjennom skråkanalar i plankekantane. Over saumane, mellom borda, er lagdegranlekter, som vert halde på plass av syfibrane. Under lektene syter eit lagbek for at samanbindinga vert så tett som råd. Små trepluggar låser syfibrane, og er med å tette hola.
Innvendig har båten vorte forsterka medband som er surra til bordinga.[2]