Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Zadie Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zadie Smith

StatsborgarskapStorbritannia
Fødd25. oktober1975 (49 år)
London
Yrkeskribent,romanforfattar,essayist,akademikar
SpråkEngelsk
Periode2000-
Medlem avRoyal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences
EktefelleNick Laird
DebutHvite tenner (2000)
Zadie Smith på Commons

Zadie Smith (fødd25. oktober1975)[1] er ein engelsk forfattar som har skrive ei rekkje kjende romanar, særleg debutenHvite tenner (2000). I 2003 blei ho teken med på det litterære tidsskriftetGranta si liste over dei tjue beste unge britiske forfattarane.

Liv

[endre |endre wikiteksten]

Tidleg liv

[endre |endre wikiteksten]

Zadie Smith blei fødd som Sadie Smith i nordvestlegeLondon i bydelenBrent, som hovudsakleg var eit arbeidarklassestrøk. Mor hennar, Yvonne McLean, var fråJamaica, og hadde kome til England i 1969. Faren, Harvey Smith, var engelsk, og hadde vore gift ein gong før. Smith har ei halvsyster, ein halvbror og to yngre brør - den eine av dei rapparen og stand-upkomikarenDoc Brown, den andre rapparenLuc Skyz. Foreldra hennar skilde seg då ho var i tenåra. 14 år gammal endra ho stavemåten på fornamnet sitt frå «Sadie» til «Zadie».

Utdanning og karriere

[endre |endre wikiteksten]

Smith studerteengelsk litteratur vedKing's College vedUniversitetet i Cambridge.[2] Ved Cambridge gav ho ut fleirenoveller i ei samling av studentskrift kallaMay Anthologies. Desse fekk merksemd frå ein utgjevar som tilbaud henne kontrakt for ein roman. Smith bestemte seg for å kontakta ein litterær agent og blei teken opp avWylie Agency på grunnlag av eitt kapittel.

Hvite tenner (White Teeth) blei introdusert for forlaga i 1997, lenge før boka var ferdigskriven. På grunnlag av det ufullførte manuskriptet byrja einauksjon for rettane blant ulike utgjevarar, ogHamish Hamilton vann i Storbritannia. Smith fullførteHvite tenner i løpet av det siste året sitt ved Cambridge, og boka blei gjeven ut i 2000. Ho blei ein bestseljar med ein gong. Romanen blei rosa internasjonalt og vann ei rekkje prisar. Romanen blei filmatisert for fjernsyn i 2002 avChannel 4.[1]

Smith blei fastbuande forfattar (writer-in-residence) vedInstitute of Contemporary Arts i London. Ho redigerrte og gav ut ein antologi av tekstar om sex,Piece of Flesh, som kulminasjon av denne rolla.

I intervju har ho medgjeve at den intensive publisiteten rundt den første romanen hennar ei tid gav henneskrivesperre. Etter ei tid klarte ho likevel å produsera att, og den andre romanen hennar,The Autograph Man (Autografmannen), kom ut i 2002. Også denne blei ein kommersiell suksess, sjølv om meldingane denne gongen var mindre overveldande positive enn dei forHvite tenner. Etter utgjevinga budde Smith i USA somfellow ved Radcliffe Institute for Advanced Study Fellow vedHarvard University frå 2002 til 2003.[3] Her byrja ho på ei bok medessay kallaThe Morality of the Novel ellerFail Better, der ho tek for seg forfattarar frå 1900-talet frå eitmoralfilosofisk synspunkt. Boka blei ikkje gjeven ut, men danna truleg grunnlag for essaysamlingaChanging My Mind som kom ut i november 2009.[4]

Den tredje romanen hennar,On Beauty, kom ut i september 2005, og fekk betre anerkjenning enn den føre. Romanen har handling hovudsakelig i og rundt den amerikanske byenBoston. Han blei kortlista forBookerprisen,[5] og vannOrangeprisen ogAnisfield-Wolf Book Award.[6]

Etter å ha undervist i skjønnlitteratur vedColumbia University School of the Arts blei Smith tilsett vedNew York University i ei fast professorstilling i skjønnlitteratur i 2010.[7]

I 2012 gav ho ut romanenNW, med handling fråKilburn nordvest i London og tittel etter det lokale postnummeret, NW6.NW blei kortlista tilRoyal Society of Literature sinondaatjepris og tilWomen's Prize for Fiction.[8] Han blei filmatisert for BBC fjernsyn regissert avSaul Dibb og med manus avRachel Bennette.[9]

Den femte romanen til Smith,Swing Time, kom ut i november 2016.[10] Han blei langlista tilMan Booker-prisen i 2017.

Privatliv

[endre |endre wikiteksten]

Zadie Smith møtte forfattarenNick Laird ved Universitet i Cambridge. Dei gifta seg i 2004 i Cambridge, og ho dedikerteOn Beauty til «min kjære Laird». Paret budde iMonti iRoma frå november 2006 til 2007 og oppretta deretter basar både iNew York (der begge underviste i kreativ skriving vedColumbia University) ogKilburn i London. Paret har to barn, Katherine (Kit) og Harvey (Hal).[11]

Bibliografi

[endre |endre wikiteksten]

Noveller

[endre |endre wikiteksten]

Romanar

[endre |endre wikiteksten]
  • White Teeth (2000). – Utgjeven på norsk somHvite tenner. Omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen. (Aschehoug, 2001)
  • The Autograph Man (2002). – Utgjeven på norsk somAutografmannen. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2003)
  • On Beauty (2005). – Utgjeven på norsk somOm skjønnhet. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2006)
  • NW (2012). – Utgjeven på norsk somNW. Omsett av Kari og Kjell og Risvik. (Aschehoug, 2013)
  • Swing Time (2016)

Redaktør av antologier

[endre |endre wikiteksten]

Essay og andre skrift

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Edemariam, Aida:«Learning curve»,The Observer, 3. september 2005
  2. Zadie Smith,Granta
  3. 2002-2003 Radcliffe Institute Fellows, arkivert fråoriginalen 1. oktober 2009, henta 26. mai 2018 
  4. Jennifer Hodgson,«Interview with Zadie Smith»,The White Review, Issue 15, December 2015.
  5. Ihsan Taylor (17 September 2006).«Paperback Row».New York Times Book Review. Henta14 March 2012. 
  6. «On Beauty». Anisfield-Wolf Book Awards. Henta 4. mars 2015. 
  7. Adrian Versteegh,«Zadie Smith Joins NYU Creative Writing Faculty»,Poets & Writers, 24. juli 2009.
  8. "Zadie Smith"Arkivert 2021-02-24 vedWayback Machine. at Rogers, Coleridge & White.
  9. Wollaston, Sam.«NW review – Zadie Smith's London tale has never felt so relevant». Henta 15. november 2016. 
  10. Pearce, Katie (4 November 2015).«Author Zadie Smith shares bits of her unpublished fourth novel, 'Swing, Time'». Henta9 February 2016. 
  11. Richard Godwin (28. juni 2013).«The world according to Zadie Smith».Evening Standard. 

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Tew, Philip (2009):Zadie Smith. London and New York: Palgrave Macmillan.
  • Walters, Tracey (red.) (2008):Zadie Smith: Critical Essays. New York: Peter Lang Publications.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Zadie_Smith&oldid=3440101»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp