Zabadani | |||
الزبداني | |||
by | |||
Al-Zabadani | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Zabadani-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Zabadani | ||
Høgd | 1 100 moh. | ||
Koordinatar | 33°43′30″N36°5′50″E / 33.72500°N 36.09722°E /33.72500; 36.09722 | ||
Folketal | 40 613 | ||
Retningsnummer | 13 | ||
![]() Al-Zabadani 33°43′29″N36°06′01″E / 33.724722222222°N 36.100277777778°E /33.724722222222; 36.100277777778 | |||
Wikimedia Commons: Zabadani |
Zabadani (arabisk الزبداني) er ein by sørvest iSyria iRif Dimashq guvernement, nær grensa tilLibanon. Han ligg 1100 meter over havet, midt i ein grøn dal omgjeve av høge fjell.
Samanlikna medDamaskus er vêret i Zabadani generelt mindre varm om sommaren, kring 5-8 grader lågare, men frå desember til slutten av februar er han mykje kaldare og får ein del snø, og temperaturane kan falle til -10 ºC. Det milde været og den flotte naturen har gjort staden til ein populær feriestad både for syrarar, særleg fråDamaskus og titusenvis av turistar fråDen arabiske halvøya. Enno høgare oppe ligg nabobyenBloudan på 1500 moh, som og vert vitja av mange turistar.
Zabadani er hovudsakleg busett av sunnimuslimar, men her finst òg ein god del kristne. Dei kristne har bygd sine eigne kyrkjer og kloster. Zabadani veks raskt og har gode vegsamband til Damaskus.
Den 18. januar 2012 vart Zabadani den første byen som fall tilDen frie syriske armeen ettereit blodig slag som varte i 11 dagar.[1]
Den 11. februar fekkden syriske hæren attende kontrollen over byen.
Byen Zabadani er særs viktig for regjeringa i Syria og for Iran, sidan byen tente som transportknutepunkt forIranian Revolutionary Guard Corps i forsyninga avHizballah.[2]