Yukon er eitt av treterritorium iCanada. Det ligg heilt nordvest i Canada, med grense motAlaska. Arealet av territoriet er 482 443 km², av det over 8000 km² sjøar. Yukon er mykje kjent forgullrushet i Klondike i 1897–1898. Namnet til territoriet kjem fråelva Yukon, som pågwich’in tyder 'stor elv'.
Kartomrisset er trekantforma med sidene motBritisk Columbia i sør,Alaska i vest og motNordvestterritoria i aust. Nordspissen av triangelet har ei kystlinje på under 200kilometer i nord mot Mackenziebukta iBeauforthavet. I 2006 var folkesetnaden i territoriet på 31 229 eller 0,06 pr. km². Mange av innbyggjarane i territoriet er frå ei av dei talrike folkegruppene avamerikanske urfolk.