Yuan-dynastiet (mongolskDai Ön Yeke Mongghul Ulus,pinyin Yuán Cháohanzi 元朝) var eit herskardynasti iKina som offisielt varte frå1271 til1368, òg kallaDet mongolske dynastiet. Det er eitt av to dynasti i kinesisk historie grunnlagt av folkeslag som ikkje høyrer tilHàn-etnisiteten (det andre erQīng). Dei fleste kinesarar i dag held dette dynastiet for å ha vore eit utanlandsk åk. Denne vurderinga skuldast delvis tradisjonell (nasjonalistisk) historieskriving.
Temüdsjin, seinare best kjend somDjengis Khan, var stamfaren til alle herskarane i Yuán-dynastia. Han var son avYesügei, stammehøvding forkiyadane — ei av mange stammer i det oppsplittaMongolia. I ung alder mista han faren som vart drepen av ei rivaliserande stamme. Dette utløyste ein stor borgarkrig. Til slutt sigra Temüdsjin, og tok herskartittelen Wang Khan. Han utvikla ei skriftleg lov for allemongolane, kallaJassa, og kravde at ho vart følgt til punkt og prikke.
Temüdsjin følgde opp med åtak på andre stammer i området og utvida heile tida makta si. Ved hjelp av ein kombinasjon av diplomati, organisasjon, militær dugleik og brutalitet klarte han det nær utenkelege, å samle alle dei mongolske stammene til eitt folk (1206). Under eitkhuriltai (eit rådsmøte for dei mongolske høvdingane) fekk han tittelen «allherskaren» (Djengis Khan). Dette vart byrjinga på det som etter kvart vart kjent som Yuán-dynastiet, og som til å byrja med herska over Mongolia, store delar av noverande Russland og store delar av Sentral-Asia, men som seinare skulle verte avgrensa til Kina.
På den tida dettekhuriltai kom ihop var Djengis Khan alt i strid meddet vestlege Xià. Dette utvikla seg til det fyrste av erobringstokta hans utanfor det mongolske kjerneområdet. I år1209 hadde han klart å knekke makta til Vest-Xià, trass i dei store vanskane han hadde med å innta dei godt verna byene i Xiàveldet. Dei inngjekk ein fredsavtale der Xià-keisaren underkasta seg Djengis Khan som overhovud.
Sòng-Kina,Jīn-riket,Dali ogVestlege Xià (Xi Xià på kartet) i1142. Vest-Xià var ein del større då den mongolske invasjonen fann stad nokre generasjonar seinare.
Lenger nordaust i Kina stodJīn-dynastiet for tur; områda deira var no dei som låg nærast. I1211 ville Djengis Khan underlegge seg dette området fullstendig, og erklærte krig. Problema mongolane hadde hatt overfor Vest-Xià gjentok seg; ute i det fri sigra dei lett, men faste festningsverk hadde dei store vanskar med. Djengis sette då ned ei studiegruppe som var sett saman av folk frå hans eigen særs dyktige stab og med kinesiske ingeniørar som rådgjevarar. Gradvis utvikla dei omleiringsteknikkar som etter få år skulle gje mongolane ry som dei beste omleirarane i krigshistoria.
Ei rekkje overveldande sigrar følgde, og i1213 hadde Djengis Khan erobra og konsolidert grepet sitt om Jīn-Kina så langt som fram tilden kinesiske muren.
Den mongolske hæren fossa så vidare, i området mellom Den store muren og elvaHuang He. Han kunne no fullstendig rasere store delar av Nord-Kina. I1215 omleira, inntok, plyndra og brann styrkane til Djengis Khan Jīn-hovudstaden Yanjing (seinare kjent somBěijīng). Jīn-keisaren,Xuan Zong, overgav seg derimot ikkje, men flytta hovudstaden sin tilKaifeng. Der vart etterfølgjaren hans nedkjempa, men det var ikkje før i1234.
Etter å ha brent den gamle Jīn-hovudstaden bygde mongolane i1267 sin eigen «storslegne hovudstad» (Dadu) eit kort stykke nordanfor. Det er denne byen som i skildringane til Marco Polo går under namnet «Cambuluc». Ein reknar årsaka til at Kublai Khan, som ville verte keisar i Kina, valde denne staden fordi det låg nærare Mongolia enn nokre av dei mange meir tradisjonelle hovudstadane lenger sør i landet.
Kinesisk portrett avKublai Khan (1216-1294), i Kina kalla Hūbìliè (忽必烈)
Yuán-dynastiet vart formelt proklamert i1271, av barnebarnet tilDjengis Khan,Kublai Khan. Det avløyste etter tradisjonell kinesisk historiografiSòng-dynastiet, og maktovertakinga var fullbyrda i1276 og dei siste nederlaga til Sòng-dynasti-tilhengjarane i1279 med fallet til byenGuangzhou.
Både det at dynastiet vart proklamert alt før Sòng-dynastiet hadde falle, og at mongolane valde å gje det eit kinesisk og ikkje mongolsk namn, viser noko av den politiske og militære teften til Kublai Khan. Kublai Khan vart prøvd pressa av rådgjevarane sine til å utvide dei mongolske erobringane ytterlegare til òg å omfatteJapan,Myanmar,Vietnam ogIndonesia. Men det vart det aldri noko av.
Plyndringane til mongolane og herjingane deira under erobringskrigane førte naturleg nok til at den jamne kinesar var særs negativt innstilt til Yuán-dynastiet. Og mongolane var snare med å røve med seg så pengar og anna, som om dei rekna med at styret deira ville verte kortvarig. Dette forsterka den negative innstillinga; det gode som Kublai Khan gjorde, fekk ikkje den positive merksemda som det nok elles ville ha fått. I tillegg til reformer av landbruk og transportvesen bygde han sjukehus og utvikla eit matdistribusjonssystem for dei aller fattigaste. Han fremja òg vitskap og religion.
De mongolske erobringane førte ikkje til forstyrringar i den kinesiske utanrikshandelen. Tvert imot var Yuán-dynastiet ivrig etter å fremje handelssambanda med dei arabiske landa, som dei òg sjølv profitterte på.
Når det var flåten tilZheng He som måtte til for å få gjenoppretta desse sambanda underMíng-dynastiet, var det ikkje fordi Yuán-styret hadde brote desse sambanda. Arabarhandelen braut saman omtrent då Yuán-dynastiet ebba ut, og det var særleg fordi einkrigsherre ved namn Chen Youding då erobraQuanzhou og massakrerte den arabiske folkesetnaden der.
Mongolane regjerte fråDadu (òg kalla Khan-balyq) skjønt keisaren heldt seg òg med ein storslagen sommarresidens iShangdu (utgangspunktet for legendariskeXanadu).Karakorum gav herredømet legitimitet.
Dei mongolske garnisonane konsentrerte nærværet sitt om hovudstaden. I dei rike områda rundtJangtsekiang (Yangzhou,Nanking,Hangzhou) sette dei etter kort tid si lit til at kinesiske tropper under mongolsk kommando bevarte fred og kontroll. Dei kinesiske soldatane vart skifta ut annakvart år, og spreidd rundt om i fjernare provinsar. Òg offiserane vart regelmessig forflytta, slik at faren for konspirasjonar og opprør mot keisarmakta skulle vanskeleggjerast.
Eitt av fire mongolrike: Innan- og utanrikspolitisk hadde Yuán-dynastiet berre ein formell godkjenning. Der var stadige samanstøyt med mongolar som vart verande igjen ute på steppelandet (den siste i1360). Dertil kom at mongolregentane i vest,Den gylne horden ogIl-khanatet førte sin eigen politikk frå respektive1260 og1295 og gjekk over tilislam. Frå1310 nyorganiserte det inntil då ustabileTsjagatai-khanatet seg, slik at det på1300-talet var fire forskjellige mongolrike i Sentral- og Austasia.
Omkring1290 var folkesetnaden i Kina offisielt sett saman av 60 millionar sørkinesarar, 10 millionar nordkinesarar og 2 millionar mongolar og semuar. Ei tidlegare folketeljing frå1235 oppgav 8,5 millionar busett i Nord-Kina, men då var enormt mange slavar og heimlause ikkje medrekna. Samanlikna med tida tilJīn-dynastiet hadde Nord-Kina altså vore gjennom eit dramatisk fall i folketalet.
Kublai Khan delte inn folkesetnaden i Kina i fire, og definerte delinga i lovboka Yuán-dian-zhang. Det let seg ikkje gjere i praksis å fasthalde denne delinga heilt.
Den øvste gruppa vardei kvite mongolane, inndelt i 72 stammegrupper. Alle dei høgaste embeta i riket var berre for dei.
Dei svarte mongolane (Semu) var dei folkegruppene som hadde støtta erobringa til mongolane av Kina. Gruppa omfatta særlegtyrkarar ogturko-tatarar, men ogsåalaner ogrussarar. Dei svarte mongolane kunne drive handel, krevje inn skattar, låne ut pengar og vere middels høge embetsmenn.
Den tredje gruppa var nordkinesarane, kallaHan-ren. Til denne gruppa rekna ein dessutankitanar,mandsjuar ogkoreanere. Dei fekk ha handverksyrke og kunne vere lågare embetsmenn, men kunne ikkje bli leiande offiserar.
Sørkinesarane (Nan-ren) utgjorde den fjerde og mest rettslause gruppa. Dei fekk ikkje ein gong verje seg mot slag, og vart pålagde dei tyngste skattebyrdene. Men mongolane passa på å ikkje konfiskere dei private faste eigedomane deira. Dermed kunne dei bevare nøytraliteten til dei rikare sørkinesarane. I staden beslagla dei alt det landet som Sòng-dynasti-kansleren Kia-se-tao hadde ekspropriert for staten, noko som ikkje medverka til å betre kåra til den lågare bondestanden. Kinesarane hadde ikkje lov til å eige våpen eller hestar. Yrkesskifte eller ekteskap over desse gruppegrensene var forbode.
Yuán-styret representerte ein stagnasjon når det vert sammenlikna med dei føregåande dynastiane. Likevel var det ei auke av transitthandel, og landet tok del i og drog nytte av den verdsvide kunnskapsutvekslinga.Islam fekk ein oppsving i provinsaneYunnan ogGansu, og to katolske bispedøme vart oppretta. Det fyrste varerkebispedømetCambalue (Běijīng) i1307, og seks år etter fekk Sør-Kina eit katolsk bispesete i den viktige hamnebyenZaitun. (Den siste biskop av Zaitun vart drepen i1362, og Cembalue svann hen etter at erkebispen vart bortført i1375.
Under Guo Shuojing kom ei kalenderreform takka vere persisk innverknad. Irrigasjonssystema vart betra. Den store reisa tilMarco Polo fann stad på denne tida.
Mongolane var handelsorientert, noko som var eit brot med dei gamle kinesiskekonfucianske ideala. Handelsfolket, som for det meste var muslimsk og organisert i handelslaug, fekk ei akta stilling i samfunnet. Mongolane stilte ògjoint-venture-kapital tilgjengeleg for dei, og gav dei ansvar for utviklinga av finansvesenet. Dette siste hadde òg sine negative sider, sidan muslimane gjennomgåande ila høgare skattar enn det som var tradisjonelt i landet. Alt i1239 hadde Abd al-Rahman dobla skattane, og finansminister Ahmed Fanakati (som vart myrda i1282) hadde tredobla dei i løpet av tre år.
Dei ikkje-kinesiske namna ovanfor er ingen tilfeldigheit: Det var ein gjennomgåande politikk å hente inn personar for dei viktigare embetspostane fråMidtausten,Sentral-Asia og til og medEuropa sidan det ikkje let seg gjere å finne nok skikka mongolar. Kinesarane vart stort sett halde unna; men kinesarar kunne få tilsvarande postar i område med gjennomgåande ikkje-kinesisk folkesetnad.
For å fremje handelen og betre forsyningssituasjon i Nord-Kina konstruerte ein i åra1279 til1294 det nordlege avsnittet avkeisarkanalen. Han følgde ein ny kurs, sidan den gamle var for lang og dessutan ikkje lenger farbar for skip av vanleg storleik. Parallelt med dette nytta ein sjøvegen for å frakte rikdommane frå sør nordover.
Mongolane delte inn forvaltinga inn idet hemmelege statsrådet (for forsvarssaker),sensorrådet for oppsynet med embetsverket, ogsentralsekreteriatet for alle sivile saker. Dette siste rådet hadde seks avdelingar; for skatt, personal, ritar, krig, justis, og offentlege arbeider. Men mange av provinsane var relativt sjølvstendige, som framfor alt (Gansu ogYunnan). Forvalting var plaga av stadige maktkampar. Fleire ministrar og særleg dei mest omsynslause, måtte bøte med livet (Ahmed Fanakati1282, Lu Shih-jung1285, Senge1291, Bayan1340, Toghta1356).
Eit stort problem under mongoldynastiet var knytt tilden gamle embetsmannseksamenen. Denne var ein berebjelke for kinesisk forvalting heilt sidan tida tilTang-dynastiet. Mongolane hadde innført eit eige slikt system i1237/1238 etter råd fråYelü Chutsai, men avskaffa det igjen nesten med det same. Det vart ikkje gjeninnført igjen før i1315 av keisarAyurparibatra. Nord- og sørkinesarane vart haldne nede, slik at dei enda opp med berre 30% av stillingane. Og sjølve prøvene var for ein parodi å rekna samanlikna med dei tidlegare krava.
Belteplakett med drakemotiv frå Yuán-tida
Som under andre epokar der Kina vart regjert av framande makthavarar, innebar òg Yuán-styret eit større kulturelt mangfald. Av dei viktigare kulturelle nyvinningane kan ein nemne utviklinga av kinesisk drama og kinesisk romanlitteratur, og ein aukande bruk av kinesisk daglegtale òg skriftleg. Det mongolske storriket innebar ein blømande aust-vest-handel og ein del kulturell utveksling. Vestlege musikkinstrument gjorde kinesisk musikk rikare.
Under denne perioden gjekk mange kinesarar over tilislam i dei nordvestlege og sørvestlege hjørna av landet.Nestorianisme ogkatolisisme nøyt godt av ein toleranseperiode.Tibetansk buddhisme segla i medvind, medan den tradisjonelletaoismen vart prøvd undertrykt av mongolane. Mongolane gjenopplivde deikonfusianske styringsskikkane og embetsmannseksamenane som kome i bakleksa under dei føregåande splittingane i tidlegare tider.
Det vart gjort store framsteg innan områda reiselitteratur, kartografi, geografi og naturvitskapeleg danning. Visse viktige kinesiske innovasjonar, som trykketeknikkar,porselensproduksjon, spelkort og medisinske handbøker vart introdusert i Europa, medan framstilling av tynt glas ogcloisonné vart populært i Kina.
Det beste porselenet vart - likesom underSòng-dynastiet - produsert iJingdezhen-området og andre stader i Sør-Kina. Den høge kvaliteten som den keisarlege porselen frå Jingdezhen oppnådde, har òg samanheng med mistilliten mongolane hadde til kinesiske lærde. I staden for å engasjere dei i sentrale embete, vart dei gjerne sett til manuelt arbeid. Dei mest intelligente lærde vart truleg rekna som dei potensielt mest farlege. Det er derfor grunn til å tru at nettopp dei beste hjernane og dei dyktigaste kalliografane hamna nettopp i porselensindustrien.