Einyrkessjukdom ersjukdom som har oppstått som følgje av skadeleg påverknad fråarbeidsmiljøet. Uttrykket dekker derimot ikkje alle slike sjukdommar og skadar.
Utrykket yrkessjukdom er definert i norsk lov, og er mest å rekne som eit juridisk omgrep. Dersom sjukdommen er nemnt iforskrift om yrkessjukdommar, gjeve i medhald av § 13-4folketrygdloven, så kan den vere berettiga til trygdeytingar.
Dei aktuelle skadeårsakene med skadeverknader, -tilstandar og liknande, er:
- Forgiftingar, kjemisk påverknad
- Allergi,idiosynkrasi (hud- eller lungesjukdommar).
- Stråleenergi (varme, lys, røntgen, radioaktivitet).
- Larm, støy (frå maskinar eller verktøy; nedsett høyrsel).
- Støv, finfordelte stoff (lungesjukdommar).
- Vibrasjon (t.d. frå pressluftverktøy; sjukdommar i armane,artrose m.m.).
- Endringer ibarometertrykk (dekrompresjonssjukdom, mellom anna hos dykkarar og flygarar).
- Smitte (m.a. i laboratorium, sjukehus, ved transport av sjuke og i landbruket som følgje av kontakt med dyr).
- Vaksinasjon (når vaksinasjon er utført etter offentleg påbod, oppfordring frå arbeidsgjevar eller liknande).
- Epidemisk sjukdom (smittsame sjukdommar i fordøyelsesorgan; infeksjon som skuldastvirus,bakteriar ogprotozoar; hos helsepersonell m.m. som smittast som følgje av sitt yrke).
- Klimatisk sjukdom (som følgje av låg temperatur under arbeid i ishavsstrøk, og som følgje av sterk varme og sol i tropiske eller subtropiske strøk).