You Gave Me a Mountain Singel avFrankie Laine frå albumetYou Gave Me a Mountain | ||
B-side | «The Secret of Happiness» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | ABC 11174 | |
Låtskrivar(ar) | Marty Robbins | |
Produsent | Jimmy Bowen | |
Frankie Laine-kronologi | ||
«Please Forgive Me» (1968) | You Gave Me a Mountain | «Dammit Isn't God's Last Name» (1969) |
«You Gave Me a Mountain» (stundom «Lord, You Gave Me a Mountain») er ein song skriven avcountryartistenMarty Robbins i 1960-åra. Han har blitt spelt inn sidan av mange artistar, inkludert Robbins sjølv, men den største hitten fekkFrankie Laine i 1969. Denne versjonen kom ut på albumet til Laine med same namn.
I sjølvbiografien til Laine,That Lucky Old Son, sa han at «Marty Robbins sa ein gong til meg at han hadde prøvd å få 'You Gave Me a Mountain' kjend for meg i fleire år, før han endeleg klarte det i november 1968. Eg skulle ønskt han hadde vore kjappare, for det var mange gonger i midten av 1960-åra der eg lengta etter ein så bra song.»[1]
Teksten handlar om ei rekkje utfordringar songaren må gjennom i livet sitt, som at mora døyr då ho føder han, at han vart uskuldig fengsla og at kona tar barna og forlet han. Han skildrar desse som åsar han må over, men at denne gongen har Herren gjeve han eit fjell han må klatre.[1]
Songen vart gjeven ut på singel i 1969 og vart ein hitsingel for den då 55 år gamle Laine på den amerikanske singellista. Han nådde 24. plassen påBillboard Hot 100 i mars det året, og låg i alt sju veker inne på topp 40,[2] og vart den siste topp 40-hitten til i den lange karrieren til Laine. Same månaden låg songen to veker på toppen avBillboardEasy Listening-lista.[1]
Liste (1969) | Plassering |
---|---|
U.S.Billboard Hot 100 | 24 |
U.S.Billboard Easy Listening | 1 |
Robbins spelte inn ein versjon av sin eigen song, men denne vart ikkje gjeven ut på singel, berre på albumetIt's a Sin i 1969[3] i tillegg til somme av samlealbuma hans. CountrysongarenJohnny Bush spelte òg ein versjon av songen i 1969 og denne nådde sjuandeplassen påBillboardHot Country Singles-lista det året.[1]Elvis Presley spelte songen på konserten sin i Honolulu i 1973,Aloha from Hawaii og det påfølgjande konsertalbumetAloha from Hawaii: Via Satellite.[1] Presley sin versjon finst på fleire av albuma hans utover 1970-åra.
Andre artistar som spelte inn versjonar av songen eller spelte han på konsertar varDon McLean,Eddy Arnold,Ray Price,Margie Singleton,Gene Watson,Jim Nabors,Dean Martin ogChrister Sjögren.