Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Yellowstone nasjonalpark

Koordinatar:44°40′0″N110°28′0″W /44.66667°N 110.46667°W /44.66667; -110.46667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

44°40′0″N110°28′0″W /44.66667°N 110.46667°W /44.66667; -110.46667

Yellowstone nasjonalpark
nasjonalpark
Oppretta1. mars1872
Kart
Yellowstone nasjonalpark
44°36′N110°30′W /44.6°N 110.5°W /44.6; -110.5
Kart som viser Yellowstone nasjonalpark.
Kart som viser Yellowstone nasjonalpark.
Kart som viser Yellowstone nasjonalpark.
Wikimedia Commons:Yellowstone National Park

Yellowstone nasjonalpark ligg i delstataneIdaho,Montana ogWyoming iUSA. Yellowstone er den første og eldstenasjonalparken i verda, og dekker 8983 km², for det meste i det nordvestlege hjørnet av Wyoming. Parken er kjend forgeysirar,varmekjelder ogandre geotermiske eigenskapar. Parken er heim forbrunbjørnar,ulvar,bison oghjort. Han er kjernen iGreater Yellowstone økosystem, eit av dei største gjenverandetempererteøkosystema i verda.

Lenge førmenneske kom til Yellowstone, var det eit enormtvulkanutbrot som førte til at massive mengderoske dekte det vestlegeUSA, mykje avMidtvesten, nordlegeMexico og noko avstillehavskysten. Utbrotet var fleire gonger så stort som det vedMount St. Helens i1980, og resulterte i eit massivt vulkankrater som er 70km langt og 30 km breitt, som ligg over eit enormtmagmakammer (sjåYellowstone-vulkanen). Yellowstone har hatt tre store utbrot dei siste 2,2millionaråra, det siste av desse for 640 000 år sidan. Desse utbrota er dei største på jorda innan denne tidsramma, og førte til drastiske klimaendringar.

Parken har fått namn etter dei gule steinane iYellowstones Grand Canyon – ei djup flenge i Yellowstone-platået som vart forma av oversvømmingar under tidlegareistider og frå elveerosjon fråYellowstone River.

Menneskeleg historie

[endre |endre wikiteksten]

Den menneskelege historia til parken daterer seg 12 000 år tilbake. Han var kjent av dei innfødde som «Mitzi-a-dazi», som tyder «Elva til dei gule steinane», på grunn av deijarnhaldige gule steinane i Yellowstones Grand Canyon (mange trur feilaktig at gulfargen kjem fråsvovel).

Urfolka som levde i Yellowstone-områdd utnytta òg dei store mengdeneobsidian i parken til å lage verktøy og våpen. Faktisk har pilspissar laga av obsidian frå Yellowstone vorte funne så langt borte som iMississippidalen, noko som indikerer at obsidian-handel mellom Yellowstone-indianarar og stammar lenger aust har eksistert.

Lower Yellowstone Fall

I 1806 forlétJohn ColterLewis og Clark-ekspedisjonen til fordel for ei gruppe pelsjegerar, og var truleg den første ikkje-indianar til å kome til Yellowstone og få kontakt med indianarane der. Etter å ha overlevt sår han fekk under kampar motabsarokee- ogblackfootfolk, fortalde han om ein stad av «eld og svovel», men dette vart feia bort som eit delirium. Dette som ein trudde var denne fantasistaden fekk kallenamnet «Colters helvete».

FjellmannenJim Bridgar kom i 1857 tilbake frå ein ekspedisjon i området til parken og rapporterte om kokande kjelder, sprutande vatn, eit fjell av glas og gul stein. Dette vart ignorert av dei fleste, fordi Bridgar var kjent for å ha god fantasi. Historiene hans interesserte likevel utforskaren og geologenFerdinand Vandeveer Hayden som i 1859 starta ei toårig undersøking av den øvreMissouri-regionen saman medW.F. Raynolds fråU.S. Army. Dei nådde utkanten av Yellowstone, men kunne ikkje gå vidare på grunn av massivt snøfall. Den følgjandeborgarkrigen stansa alle forsøk på å utforske området, og det gjekk 11 år før Hayden igjen kunne dra til Yellowstone.

Nordporten til Yellowstone nasjonalpark vedGardiner iMontana, som seier «For the Benefit and Enjoyment of the People» («For folkets nytte og fornøyelse»).

Seinare arrangerte folk frå MontanaWashburn-Langford-Doane-ekspedisjonen, leia av surveyor-generalHenry Washburn. Med i gruppa varNathaniel P. Langford, seinare kjent som «National Park» Langford, og ein militærdetasjement kommandert avløytnantGustavus Doane. Ekspedisjonen tilbrakte éin månad i området i 1870, og samla prøver og gav namn til interessante stader.

I 1871 leia Hayden ein andre større ekspedisjon, no støtta av regjeringa, til Yellowstone-regionen. Han skreiv ein samansett rapport, som inkluderte store fotografi gjort avWilliam Henry Jackson og måleri avThomas Moran. Denne rapporten overtyddeKongressen til å trekkje regionen frå offentleg auksjon. 1. mars1872 underskreiv presidentUlysses S. Grant eit dokument som oppretta Yellowstone nasjonalpark.

Langford arbeidde sidan i fem år utan løn som den første direktøren, og vart etterfølgt av fleire andre bestyrarar (som arbeidde med minimal løn). Langford vart etterfølgt avPhiletus Norris, som melde seg frivillig til stillinga, etter å ha reist gjennom Yellowstone og opplevt problema til parken sjølv. Under styret hans byrja endeleg Kongressen å gje løn til direktøren, og pengar til å styre parken. Han brukte desse pengane til å utvide framkomsthøva og vidare utforske parken. Norris tilsette ògHarry Yount (kalla «Rocky Mountain Harry») for å stoppe krypskyting og vandalisme i parken. I dag blir Yount rekna som den aller første parkvokteren.

Fort Yellowstone

Tre direktørar følgde, men ingen av desse klarte å setje ein effektiv stoppar for øydelegginga av naturressursane i Yellowstone.

Dette heldt fram inntil1886, då hæren fekk ansvaret for drifta av parken (sjåFort Yellowstone). Hæren forvalta parken fram til1916, då ansvaret vart overført tilNational Park Service.

26. oktober 1976 vart parken til eitbiosfærereservat, og 8. september 1978 vart han innskriven påverdsarvlista tilUNESCO.

Skogbrannar

[endre |endre wikiteksten]
Satellittbilete av Yellowstone (med politiske grenser innteikna) frå sommaren1988, då parken vart herja av skogbrannar.

Sommaren1988 var svært tørr, og ein serieskogbrannar starta avlynnedslag byrja å herje. Tusenvis av brannmenn vart sett inn for å redde menneskelagde strukturar frå flammene, men – kontroversielt nok – vart få ressurar sett inn på å stoppe skogbrannane for fullt. Økologar argumenterte for dette ved å seie at brannane er del avøkosystemet til Yellowstone, og at om ein stoppar skogbrannane, vil resultatet verte ein sjuk og igjengrodd skog. Relativt fåstore dyr i parken vart drepne av brannane, og etter brannane har nytt liv byrja å spire. Brannane gjorde òg at interessantearkeologiske og geologiske område som tidlegare var ukjende vart oppdaga og katalogisert av vitskapsmenn. National Park Service pleier no å tenne på mindre, kontrollerte brannar, for å hindre nye opphopingar av brennbart material som i 1988.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Det nordamerikanskevasskiljet går diagonalt gjennom den sørvestlege delen av parken. Skiljet er eitopografisk linje som er grensa mellom kor vatnet drenerer tilStillehavet og der det drenerer tilAtlanterhavet (ein tredel av parken drenerer til Stillehavet).

Vasskiljet går gjennom Yellowstone

Til dømes harYellowstone River ogSnake River utspring i nærleiken av kvarandre, men dei renn i kvar si retning frå kontinentskiljet – Snake River på vestsida, Yellowstone River på austsida. Resultatet er at Snake River endar opp i Stillehavet, medan Yellowstone River går til Atlanterhavet (viaMexicogolfen).

Parken ligg på eit høgt platå som i gjennomsnitt ligg 2400moh., og nesten omringa avfjellkjeder fråRocky Mountains, med høgder frå 3000 til 4300 moh. Desse fjellkjedene erGallatin Range (i nordvest),Beartooth Mountains (i nord),Absaroka Mountains (i aust),Wind River Range (i søraust),Teton Mountains (i sør, sjåGrand Teton nasjonalpark) ogMadison Range (i vest).

Like utanfor den sørvestlege grensa til parken liggIsland Park-kalderaen, som er eit platå omgjeve av låge åsar. Forbi denne liggSnake River Plain i det sørlegeIdaho, som er dekt avflaumbasalt og heller mot sørvest (sjåCraters of the Moon nasjonalmonument).

Hovudattraksjonen ved Yellowstone-parken erYellowstone-kalderaen; ein veldig storkaldera nesten heilt dekt av vulkanske restar, og måler 50×60km. Inne i denne kalderaen ligg det meste avYellowstone Lake, som er den største høgtliggande innsjøen iNord-Amerika.

Sør i parken, litt nord for Lake Yellowstone, ligg Upper Geysir Basin, ogOld Faithful, og dessutan Old Faithful Inn. Old Faithful er den mest kjende geysiren i parken, og den største turistattraksjonen. Geysiren kan sprute over 30 m. Det er ikkje så veldig høgt, men det spesielle er, at han sprutar kvart 72. min.

Klima

[endre |endre wikiteksten]
Vinterbilete frå Yellowstone.

Klimaet i Yellowstone er i stor grad påverka av høgda over havet, der dei lågareliggande områda generelt er varmare året rundt. Den høgaste temperaturen som er målt var 37°C i1936, medan den lågaste målte temperaturen var -54 °C i1933. I sommarmånadane frå juni til tidleg i september ligg den høgaste dagtemperatur vanlegvis rundt 20–25 °C, medan nattetemperaturen kan gå under frysepunktet, spesielt i høgareliggande område. Sommarstid er det ofte ein del torevêr på ettermiddagane. Vår- og hausttemperaturen varierer gjerne i området 0–20 °C med kalde netter vanlegvis mellom -5 og -20 °C. Vinteren i Yellowstone er svært kald, med den høgaste temperaturen vanlegvis mellom -20 og -5 °C, og nattetemperatur under -20 °C.

Nedbørsmengdene i Yellowstone er svært variable, og kan vere mellom 380 mm/år i nærleiken av Mammoth Hot Springs og 2000 mm/år i dei sørvestlege delane av parken. Nedbøren kan kome som snø i året rundt, med gjennomsnittsmengder varierande frå 380 cm/år rundt Yellowstone Lake til omtrent dobbelt så mykje i høgareliggande område.

Det er sjeldantornadoar i Yellowstone, men21. juli1987 slo den kraftigaste tornadoen som nokon gong er registrert i Wyoming ned iTeton Wilderness iBridgar-Teton National Forest, og trefte Yellowstone nasjonalpark. Tornadoen vart klassifisert som ein F4, med vindstyrkar rekna til mellom 333 og 418 km/t. Tornadoen medførte store øydeleggingar i eit område som var 1,6–3,2 km breitt og 38 km langt, og blåste ned 61 km² med vaksen furuskog.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Yellowstone nasjonalpark
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Yellowstone_nasjonalpark&oldid=3454267»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp