Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Yangquan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Yangquan (gul) i Shanxi

Yangquan (kinesisk: 阳泉;pinyin:Yángquán) er eitbyprefektur aust i provinsenShanxi i det nordlegeKina, der det grensar motHebei-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 4 452 km² og hadde om lag 1,37 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Yangquan omfattar tre distrikt (区) og to fylke (县xiàn).

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Landområdet ligg i vestskråningane av fjellkjedaTaihang Shan, som strekker seg langs provinsgrensa mellom Shanxi og naboprovinsen i aust; Hebei. Det viktige Niangzipasset gjennom fjella er ein av turistattraksjonane i prefekturet, til liks med fjellet Zangshan.

Samferdsle

[endre |endre wikiteksten]

Snøggtoget som trafikkerer mellomQingdao ogTaiyuan stoppar i Yangquan.

Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom sjølve byen Yangquan og gjennom fylket fylket Pingding. Vegen byrjar iXilinhot iIndre Mongolia nær grensa tilMongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya lengst sørvest i provinsenGuangdong. Også Kinas riksveg 307 passerer gjennom prefekturet. Han tek til i Qikou i Hebei og fører gjennom provinsane Shanxi ogShaanxi tilYinchuan i den autonome regionenNingxia Hui.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Yangquan&oldid=2811194»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp