Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Yangon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yangon
ရန်ကုန်
by
Land Myanmar
Areal576 km²
Folketal4 348 000 (2010)
Kart
Yangon
16°47′42″N96°09′36″E /16.795°N 96.16°E /16.795; 96.16
Wikimedia Commons:Yangon

Yangon, tidlegare kjent somRangoon, er den største byen iMyanmar (Burma) og var hovudstad i landet fram til2005, dåNay Pyi Taw overtok som nye hovudstad. Byen ligg vedYangon-elva, om lag 30 km frå munningen hennar. Folketalet i byen er noko over fire millionar.

Det meste av utanrikshandelen til Myanmar går gjennom den travle hamna i byen. Yangon er knutepunkt for jernbanen i landet og dei indre vassvegane. LufthamnaMingaladon er eit knutepunkt for internasjonale flyruter.

Av industri i byen finn einrismøller,sagbruk,tekstil- oggummiindustri,såpeproduksjon ogoljeraffinering. Universitetet i byen vart grunnlagd i 1920 og han har òg ein teknisk høgskule. Yangon er bygd opp etter eit rutenett og har mange parkar.Shwe Dagon eller «den gylnepagoden» dominerer bybiletet med eit 112 metrer høgt forgylt spir. Dette er den buddhistiske heilagdomen iBakindia og vart i følgje segna starta i 588 f.kr. Byen har òg ei anglikansk og ei katolsk domkyrkje.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart truleg stifta på500-talet og var opphavleg berre ein liten fiskelandsby kring pagoden Shwe Dagon. Kong Alaungapaya erklærde byen hovudstad i1753 og han endra i 1755 namn frå Dagon til Yangon. Byen vart på kort tid ein viktig hamneby. I 1841 vart byen råka av ein brann som øydela det meste. Han vart igjen øydelagd i 1852 av britane, som under gjenoppbygginga bygde eit rektangulært gatenett og anglifiserte namnet på byen til Rangoon. Byen vart hovudstad for heile Myanmar (Burma) etter at britane sameinte dei nedre og øvre delane av landet i 1885. Førden andre verdskrigen var fleirtalet av innbyggjarane indarar, kinesarar og europearar, men byen har seinare fått ein stor overvekt av burmanarar.

I 1988 kom det til blodige samanstøytar då militæret slo ned på demonstrerande studentar.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Yangon

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    «Yangon» iStore norske leksikon, snl.no.
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Yangon&oldid=3066316»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp