Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Xinzheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xinzheng
新郑, Xīnzhèng
Land Folkerepublikken Kina
Areal884,59 km²
Folketal 1 172 237(2020)
Kart
Xinzheng
34°23′46″N113°43′30″E / 34.39621°N 113.7249°E /34.39621; 113.7249
Wikimedia Commons: Xinzheng

Xinzheng er ein by med rang sombyfylke i provinsenHenan iFolkerepublikken Kina. I 1999 var folkesetnaden på 608 567.[1]

Xinzheng ligg sør for provinshovudstadenZhengzhou og bli i dag rekna som ein satellittby til hovudstaden. Mot aust ligg storbyenKaifeng, mot sør erXuchang og mot vest erLuoyang.

Han er ein av dei byane i Henan som blei utvalde som stadar for reform og liberaliseringseksperiment.

Xinzheng ligg i eit jordbruksdistrikt med m.a.kveite,mais,bomull ogtobakk. Området er berømt for kinesiske dadlar (jujube). Det er òg rikt på mineral somkol,bauxitt ogsilisium.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Xinzheng er hevda å vera fødestaden til det legendariskeXuanyuan Huangdi, ("Den gule keisaren"), som ifølgje mytane er stamfaren til det kinesiske folket. Han skal ha gjort Xinzheng til sin hovudstad og lokalt reknar ein difor med at heile den kinesiske kulturen har utspring derfrå. Det som i alle fall er sikkert frå arkeologiske funn, er at staden hadde bufast folkesetnad allereie 6000 år f.Kr. (Peiligangkulturen).

UnderVår- og haustannaltida (770–446 f.Kr.) var Xinzheng i fleire hundreår hovudstaden tilHan-staten. Xinzheng er rekna som ein av «ti kinesiske oldtidshovudstader».

Samferdsel

[endre |endre wikiteksten]

Rriksveg 107 i Kina fører gjennom området. Han går fråBeijing tilShenzhen, og går også innom provinshovudstadeneShijiazhuang,Zhengzhou,Wuhan,Changsha ogGuangzhou.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. National Population Statistics Materials by County and City – 1999 Period,inChina County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Xinzheng&oldid=3257977»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp