Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Xeroftalmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xeroftalmi
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:264.6-264.7
ICD-10-kode:E50.6-E50.7
DiseasesDB34035
MeSHD014985
MeSHD014985

Xeroftalmi elleraugeturrsott er einaugesjukdom som kjem av mangel påvitamin-A. Sjukdomen er sjeldan iNoreg, men vanleg iutviklingsland, og ein trur at mellom 5 og 10 millionar born iAsia vert blinde kvart år på grunn av sjukdomen.

Tilstanden fører til nedsett nattsyn på grunn av mangel pårhodopsin, som ein får med vitamin A. Rhodopsin er eitfargestoff som gjer at stavane inetthinna fungerer. I tillegg skjer det endringar i bindehinna med tap av slimproduserande celler. Dette fører til tørre auge, som igjen fører til sår og etter kvartarr ihornhinna.

Om sjukdomen ikkje får behandling kan det føre til at ein vert varigblind eller til og med døy. Med tidleg behandling med vitamin A kan ein normalisere tilstanden.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«.sml_artikkel/xeroftalmi» iStore norske leksikon, snl.no.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Xeroftalmi&oldid=2928989»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp