Wye (walisiskAfon Gwy) er den femte lengste elva iStorbritannia og store delar av ho dannar grensa mellomEngland ogWales. Ho er viktig for naturbevaring og rekreasjon.
Elvas spring ut i dei walisiske fjella vedPlynlimon. Ho renn gjennom fleire byar og landsbyar somRhayader,Builth Wells,Hay-on-Wye,Hereford (den einaste byen ved Wye),Ross-on-Wye,Symonds Yat,Monmouth ogTintern, og munnar ut iSevern-estuaret like nedanforChepstow. Elva har ei lengd på 215 km.[1]
Wye sjølv har status somSite of Special Scientific Interest og er ei av dei viktigaste elvane i Storbritannia for naturbevaring. Mykje av den nedre dalen har status somArea of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde.
Av sideelvar til Wye finn einLugg og Arrow, Elan, Dulas, Irfon, Marteg,Monnow,Trothy, Ithon,Llynfi,Letton Lake, Tarennig og Bidno.