I den kinesiske oldtida vart Wuwei kallaLiangzhou (凉州), og var den austlegaste endestasjonen forHexi-korridoren. Området var busett frå ca 3000 år f.Kr. Staden vart ein viktig by langs den nordlegeSilkevegen,[1] noko ei radarkeologiske funn gjort i Wuwei viser, mellom anna av koparvogner med steindyr.[2] I 121 f.Kr. sendeHan-keisarenWudikavaleriet til staden for å forsvare Hexi-korridoren motxiongnuane. Denne hæren lukkast militært, noko som førte til den kinesiskregjerte korridoren vart utvida vestover.
Med si rolle som stoppestad på handelsvegane vart Wuwei eit møtepunkt for mange folk og kulturar. Mangebuddhistiskegrotter ogtempel i området vitnar om utbreiinga av buddhismen fråIndia ogAfghanistan til Kina.