Worthing er den største byen iWest Sussex iEngland, og blir administrert som eit eigedistrikt. Han ligg mellom kysten ogSouth Downs.
Byen vert rekna som ein populært stad for pensjonistar som ynskjer eit gunstig klima, og det har ofte vorte nemnt om han at han har det tredje travlastekrematoriet i Europa. Men han har òg sidan1960-åra vore eit sentrum for undergrunnskultur, med særlegWorthing Workshop som samla musikarar, skodespelarar og lyrikarar somBrian James,Leo Sayer,Billy Idol,Martin Quittenton og andre. Den litterære historia til byen har særleg to høgdepunkt:Percy Bysshe Shelley sine to første verk vart utgjeve der i1810 og1811, ogOscar Wilde skreivThe Importance of Being Earnest der i1884, og brukte namnet til byen som etternamn på ein av figurane.
Området har vore busett sidansteinalderen, og ser ut til å ha vore ein av dei viktigaste stadene forflintutvinning. Det er òg funne ei rekkje spor etter aktivitet ibronsealderen ogjernalderen, og dessutanromerske myntar, fliser og keramikk.
Første gongen byen blir nemnt i ei skriftleg kjelde er i 1086, då han ifølgjeDomesday Book hadde eit folketal på berre 22.Angelsaksarane slo seg ned iGoring by Sea i nærleiken, medanWortinge, som han heitte på 1100- og 1200-talet, stort sett var busett av bønder og makrellfiskarar.
Mot slutten av 1700-talet byrja byen å trekkje til seg vitjande, som ynskte å nyte det milde klimaet og den rolege sjøen. Denedvardianske hangen til sjøluft som ein kur for alle helseproblem førte til stor vekst. I1803 hadde folkesetnaden auka til omkring 2500, og landsbyen fekk bystatus. I1890 fekk han kongeleg charter som valkrets (borough), og han heldt statusen som eige distrikt etter omorganiseringa av lokalstyret i1974.