Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Winnipeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Winnipeg
by
Flagg
Våpenskjold
Motto: Unum Cum Virtute Multorum
Kallenamn: Gateway to the West, Heart of the Continent, The Peg
Land Canada
RegionWinnipeg Capital Region
ProvinsManitoba
Del avManitoba
Høgd238 m
Areal464,01 km²
Folketal 749 607(2021)
Grunnlagd1738
PostnummerR2C–R3Y
Retningsnummer204
Kart
Winnipeg
49°53′44″N97°08′19″W / 49.895555555556°N 97.138611111111°W /49.895555555556; -97.138611111111
Wikimedia Commons: Winnipeg

Winnipeg (uttalt /ˈwɪnɨpɛɡ/) er hovudstaden og største byen i provisenManitoba iCanada. Han ligg nær den midtre breiddegraden iNord-Amerika, i kryssinga for dei historiske elvene Red og Assiniboine, eit punkt som i dag blir omtalt somThe Forks (Skiljevegane). Winnipeg er eit kulturelt og økonomisk regionssenter, og over halve folkesetnaden frå Manitoba bur i og rundt storbyområde som er det åttande største storbyområde i Canada og den sjuande største kommunen. Folkesetnaden i storbyområdet var den 1. juli 2008 på kring 719 200 innbyggjarar. Ein person frå Winnipeg blir kalla ein winnipeggar.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Før europeisk oppdaging

[endre |endre wikiteksten]

Winnipeg ligg i kryssinga mellom elvene Red og Assiniboine som i dag er kjent som The Forks, eit historisk område for kanoruter, der urfolket ferda i tusenvis av år. Omsett til vestleg tyding er namnet Winnipeg det same som «grumsa vatn». Arkeologiske utgravingar og studering av spor i naturen har vist at dei innfødde brukte området i tusenvis av år til camping, jakt og fiske, samt handel og jordbruk.

Kolonisering

[endre |endre wikiteksten]

Dei første europearane som oppdaga området var franskmenn som kom dit i1738.Sieur de la Vérendrye bygde den første handelslenkja på staden, kalla Fort Rouge. Handelen deira pågjekk i mange tiår fram tilHudson's Bay Company etablerte seg. Franskmennene blanda seg etter kvart med urfolkesetnaden både genetisk og sosialt. Desse menneska vart kallamétis, og knytte nære band mellom dei ulike folkegruppene etterkvart som koloniseringa ekspanderte. Lord Selkirk var involvert i den første permanente busetjinga Red River Colony, som låg på eit landområde kjøpt av Hudson's Bay Company.The North West Company grunnla Fort Gibraltar i1809, og Hudson's Bay Company grunnla Fort Douglas i1812. Dei to selskapa kjempa om handelsmajoriteten, både mot kvarandre og dei busette, og øydela mange bygningar i kampane. Det mest kjende slaga var mellom métisane og kolonistane til Lord Selkirk, kalla «Battle of Seven Oaks» (slaget om dei sju eiketrea) i1816.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Winnipeg
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Winnipeg&oldid=3554915»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp