Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

William Morris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Morris

Fødd24. mars1834
Walthamstow,London
Død3. oktober1896 (62 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland,Storbritannia
Yrkearkitekt,lyrikar,designar,grafisk designar,kunstmålar,science fiction-forfattar,politikar,illustratør,prosaforfatter,kunstnar,kunsthåndverker,sosial reformator,kalligraf
Utdanna vedExeter College
Marlborough College
EktefelleJane Morris
BarnMay Morris

William Morris (24. mars 18343. oktober 1896) var einengelskkunstnar, forfattar,sosialist og aktivist. Han var ein av dei fremste skiparane av den britiskeArts and Crafts-rørsla, og bidrog til ei kraftig omforming av britisk smak iviktoriatida.[1] Morris er også kjend som ein pionér i den britiske sosialistrørsla.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

William Morris var fødd sør forEpping Forest iEssex.[1] Familien hans var velståande, og han gjekk på skule ved Marlborough College,[1] men fór derifrå i 1851 etter eit studentopprør. Frå 1853 studerte han på Exeter College vedUniversitetet i Oxford,[1] etter å ha studert for immatrikuleringa. Her vart han påverka av tekstane tilJohn Ruskin,[1] og møtte sine livslange samarbeidspartnerarDante Gabriel Rossetti,Edward Burne-Jones,Ford Madox Brown ogPhilip Webb. Han møtte òg kona si,Jane Burden, ei kvinne fråarbeidarklassen som med si bleike hud, slanke kropp og bølgjande mørke hår vart sedd på av Morris og vennene hans som toppen avvenleik. Morris fekk to døtrer; Jane (kalla Jenny) ogMary (kalla May).

Saman med vennene skipa Morris ei kunstarrørsle, «den pre-rafaelittiske brorskapen». Dei lika ikkje dei tarvelege industriprodukta på område som dekorasjonar ogarkitektur, og gjekk inn for ei tilbakevending til skikkeleg handverk, og å hevehandverkarar opp i status likkunstnarar. Morris ville at kunst skulle vere rimeleg nok for vanlege folk, handlaga, og at det ikkje skulle vere noko hierarki av kunstformer.

Karriere

[endre |endre wikiteksten]
Tekstildesign av William Morris frå 1883.
«David's Charge to Solomon» (1882), eit glasvindauge avEdward Burne-Jones og William Morris i Trinity Church i Boston i Massachusetts.

Morris fór frå Oxford for å vere med i eit arkitekturfirma, men fann seg meir og meir interessert i dekorasjonskunst. Han og Webb bygde Red House i Kent, det var Morris si bryllaupsgåve til Jane. Det var her design-idéane hans byrja take fysisk form. Han bygde òg Standen House i Sussex saman med Webb. I 1861 skipa han firmaet Morris, Marshall, Faulkner & Co,[1] med Rossetti, Burne-Jones, Madox Brown og Philip Webb. Gjennom heile livet heldt han fram med å arbeide i sitt eige firma, sjølv om det endra namn. Det mest vidgjetne var Morris & Company. Bedrifta oppmuntra gjenopplivinga av tradisjonelle handverk somglasmåling, og Morris gjenskapte sjølv kunsten å lagebiletvev i England. Han utforma også ei rekkjeteppe ogtapet med stiliserte blomstrar.[1] Designa hans blir framleis selde den dag i dag under lisensar gjevne til Sanderson and Sons og Liberty of London.

Poesi

[endre |endre wikiteksten]
Morris sitt målarstykke «Queen Guinevere»

Morris hadde allereie byrja å gje ut poesi og noveller gjennom eit magasin grunnlagt saman med vennene medan dei var ved universitetet. Det første sjølvstendige verket hans som vart gjeve ut,The Defence ofGuenevere, vart kjølig motteke av kritikarane, og han mista motet til å gje ut meir i fleire år. Han hadde òg laga eit målarstykke avKing Arthur's Queen Consort. Men truleg det mest kjende av dikta hans, «The Haystack in the Floods», kjem frå rett etter denne tida. Det er eit dystert realistisk stykke med handling sett tilHundreårskrigen, der dei fordømde elskarane Jehane og Robert tek eit endeleg farvel i eit overtydande skildra regnfullt bygdemiljø.

Det første diktverket hans som fann allmenn suksess varThe Life and Death of Jason (1867).[1]The Earthly Paradise som byrja koma ut året etter var ei stor samling dikt som var laust samanbundne i eit tema av vandrarar som fór ut for å leite etter eit land med evig liv, og etter mange vonbrot oppdagar ein overlevande koloni avgrekarar som dei byter soger med. Denne samlinga gjorde Morris namngjeten og populær mesta med det same.

Dei siste historiene i samlinga er gjenforteljingar avislandske soger, og frå da til den sosialistiske perioden hans, dominerer Morris sin fascinasjon med dei gamlegermanske ognorrøne folkeslaga skrivinga hans. Saman med den islandske vennen sin, Eirik Magnusson, var han den første til å omsetje mange avislendingesogene til engelsk, og hans eiga episke gjenforteljing av Sigurd Volsunge var hans eigen favoritt mellom dikta hans. På grunn av den breie anerkjenninga han fekk som poet, fekk Morris tilbod om å bli statsdiktar (Poet Laureate) etter Tennyson døydde i 1892, men han avslo dette.

Arkitektur

[endre |endre wikiteksten]

Sjølv om Morris aldri vart praktiserande arkitekt, var han interessert i faget gjennom heile livet. I 1877 skipa han Society for the Protection of Ancient Buildings. Bevaringsarbeidet hans resulterte indirekte i skipinga avNational Trust, ein stor britisk organisasjon for bevaring av historisk verdifulle eller naturrike stader. Kombinert med inspirasjonen frå John Ruskin, særleg iThe Stones of Venice, om «The Nature of Gothic», spela arkitektur ei viktig symbolsk rolle i Morris si tilnærming til sosialisme.

Sosialisme

[endre |endre wikiteksten]
Kelmscott Manor avbilda iNews from Nowhere av William Morris.

Morris og dotter hans May var mellom dei første sosialistane i Storbritannia, og samarbeidde direkte medEleanor Marx ogFriedrich Engels for å starte opp sosialistrørsla. Han var også i kontakt med forfattarenGeorge Bernard Shaw. Denne sida av Morris sitt arbeid er godt skildra i biografien med undertittel 'Romantic to Revolutionary' avE.P. Thompson. Det var i denne perioden Morris skreiv den best kjende prosaen sin, særlegA Dream of John Ball ogNews from Nowhere.[1]

I 1883 vart Morris med iSocial Democratic Federation, og i 1884 organiserte han Socialist League. 13. november 1887 leidde han ein ulovlegdemonstrasjonTrafalgar Square som etter å ha blitt valdsamt rydda av politiet blei kjend som «Bloody Sunday».[1]

Morris fann seg sjølv i ein vanskeleg mellomposisjon mellommarxistiske oganarkistiske tendensar i sosialistrørsla, og denne motsetninga kløyvde til slutt Socialist League. Seinare danna han Hammersmith Socialist Society som heldt møte og førelesingar.[1]

Kelmscott

[endre |endre wikiteksten]

Morris og Rossetti leigde ein landleg herregard iKelmscott iOxfordshire frå 1871,[1] opphavleg som sommarhus, men det vart snart ein plass der Rossetti og Jane Morris hadde eit langvarig forhold. Rosseti forlét huset i 1874. I 1879 flytta Morris-familien inn i hus i Hammersmith i London som dei gav namnet Kelmscott House.[1]

Morris vitjaIsland i 1871 og 1873 og laga levande reiseskildringar i dagboksoppteikningar.[1]

Etter at han slutta i Socialist League delte Morris tida si mellom bedrifta, pressa i Kelmscott, og Kelmscott herregard, der han skreiv ein serie fantasiromanar som seinare hadde ein stor påverknad påJ.R.R. Tolkien ogC.S. Lewis. Da han døydde i 1896, vart han gravlagd på kyrkjegarden i Kelmscott.

The Nature of Gothic avJohn Ruskin, prenta av Kelmscott Press. Første tekstside, med typisk ornamentert bord.

Kelmscott Press

[endre |endre wikiteksten]

I januar 1891 skipa MorrisKelmscott Press i Hammersmith i London, for å lage døme på betre prente- og bok-design. Bøkene vart designa for å vise metodane og teknikkane han bruka, kva han såg som tradisjonelle prente- og handverksmåtar, på line med kunst- og handverksrørsla som heilskap, og som svar pålitografiet, særleg dei som vart laga for å sjå ut som tresnitt. Morris samarbeidde medEmery Walker og laga klåre «typefasar» inspirerte av den tidlegevenetianske prentaren Nicolaus Jenson, og mellomalderinspirerte dekorative border for bøker som likna påincunabula frå1400-talet og deira tresnittillustrasjonar. Utval avblekk ogpapir, og samordninga av bokstavtypar og dekorasjonar på sidene gjorde Kelmscott Press den mest vidgjetne av dei private boktrykkarverksemdene i Arts and Crafts-rørsla. Verksemda var i drift til 1898, produserte 53 bøker, og inspirerte andre private boktrykkrar, særleg Doves Press. Mellom bokelskarar er Kelmscott Press si utgåve avThe Works ofGeoffrey Chaucer, illustrert av Burne-Jones, sedd på som ei av dei vakraste bøkene gjevne ut nokon gong. Ei faksimileutgåve av denne vart produsert i 2002 avThe Folio Society.

I 1896 var Morris sjuk, og ei sjøreise til Noreg hjelpte ikkje. Han døyde kort tid etter å ha vend tilbake.[1]

Morris i dag

[endre |endre wikiteksten]

Morris-lag i Storbritannia,USA ogCanada er aktive i å take vare på Morris sitt verk og idéane hans. Innverknaden frå Morris lever vidare i moderne interiør og arkitektur. Firma som Harvest House og Stickley Furniture sel framleis ting i Arts and Crafts-stil. Det er òg eit gymnas i London som ber namnet hans til minne.

Verk

[endre |endre wikiteksten]
  • The Defence of Guenevere, and other Poems (1858)
  • The Life and Death of Jason (1867)
  • The Earthly Paradise (1868–1870)
  • Love is Enough, or The Freeing of Pharamond: A Morality (1872)
  • The Story of Sigurd the Volsung and the Fall of the Nibelungs (1877)
  • Hopes and Fears For Art (1882)
  • A Dream of John Ball (1888)
  • The House of the Wolfings (1889)
  • The Roots of the Mountains (1890)
  • News from Nowhere (1891)
  • The Story of the Glittering Plain (1891)
  • The Wood Beyond the World (1894)
  • Child Christopher and Goldilind the Fair (1895)
  • The Well at the World's End (1896)
  • The Water of the Wondrous Isles (1897)
  • The Sundering Flood (1898)

Anna litterært arbeid

[endre |endre wikiteksten]

Morris omsette òg mange mellomalder- og klassiske verk, mellom dei islendingesoger, Æneiden avVergil, og Odysséen avHomer.

Morris si bok,The Wood Beyond the World, blir rekna som ein viktig inspirasjon for C.S. Lewis sinNarnia, medan J. R. R. Tolkien var inspirert av Morris sine rekonstruksjonar av tidleg germansk liv iThe House of the Wolfings ogThe Roots of the Mountains.Redaktør og fantasi-kjennarLin Carter gjev William Morris æra for å ha skapt fantasi-verd-romanane medThe Well at the World's End og andre slike romanar. Desse har ingen referansar til denne verda, dei går føre seg verken i fortid eller framtid, og heller ikkje på ein annan planet.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,001,011,021,031,041,051,061,071,081,091,101,111,121,131,14«William Morris»,Encyclopædia Britannica

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:William Morris
WikifrasarWikifrasar har ei sitatsamling som gjeld:William Morris
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=William_Morris&oldid=3524507»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp