Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Wikipedia:Om

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wikipedia er eitwiki-basertoppslagsverk som vart starta den15. januar2001 avJimmy Wales ogLarry Sanger. Wikipedia vert utgjeve av den ideelle stiftingaWikimedia Foundation, som har hovudsetet sitt iUSA. Den norske utgåva vart lansert den26. november 2001 på nettadressano.wikipedia.org, då som sams utgåve for alle norske målformer. Frå31. juli2004 har det vore ei eiga utgåve pånynorsk,Nynorsk Wikipedia på nettadressann.wikipedia.org. I dag,10. februar2026 er det177 237 artiklar på nynorsk wikipedia.

www.wikipedia.org

Prosjektet var meint som eit systerprosjekt tilNupedia, men utan så strengkvalitetskontroll. Det spesielle med Wikipedia er at «kven som helst når som helst kan redigera ein kva som helst artikkel».

Wikipedia finst i dag på over 200 språk; dei største erengelsk ogtysk. Den engelske utgåva har over ein million artiklar.

Totalt har Wikipedia i dag overtre millionar artiklar og er med dette det største oppslagsverket i verda.

Juridiske tilhøve

[endre wikiteksten]

Wikipedia vert utgjeve av den private stiftingaWikimedia Foundation Inc., som har hovudsete iFlorida iUSA. Wikipedia vert utgjeve i høve til Florida sitt rettssystem, og er ikkje regulert av norsk lovverk. Bidragsytarar som er norske statsborgarar eller som oppheld seg i Noreg må fylgja norske lovar og reglar.

Wikipedia i bokform

[endre wikiteksten]
Tysk Wikipedia på DVD

Jimmy Wales, som grunnla Wikipedia i 2001, ynskjer at det etter kvart så omfangsrike innhaldet òg skal verta tilgjengeleg for dei utanbreiband eller tilknytting tilinternett. Wales seier at prosjektet i stor grad dreier seg om å spreia kunnskap ut i verda. og at det difor er viktig å få oppslagsverket i andre medium enn berre Internett.

Den tyske versjonen av Wikipedia har allereide kome i eiDVD-utgåve. Prisen på ei slik utgåve var 1 euro. Den tyske versjonen vert òg planlagd utgjeven ibokform, i hundre band på 800 sider kvar. Utgjevinga vil byrja i oktober2006, og gå fram mot2010.

Sjå òg

[endre wikiteksten]
Spire
Denne artikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Wikipedia:Om&oldid=3334153»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp