Einmal er ei mønsterside som kan brukast for å setja inn like ting i fleire artiklar, til dømes tekst, faktaboksar, tabellar og bilete. Denne sida gjev ei oversikt over dei fleste malane som allereie finst.
For å laga ein ny mal er det berre å oppretta ei side i Mal-namnerommet, det vil seie ei side med namnMal:Malnamn, og på den sida leggja inn det ein vil at malen skal innehalda av tekst, bilete og eventuell formatering. I dette dømet erMalnamn namnet på malen. Forbokstavane iMal og iMalnamn kan vera store eller små, det er valfritt.
For å setja inn malen i ein artikkel må ein skriva {{Malnamn}} i artikkelen. For ein enkel mal er dette nok, han vil nå visast i artikkelen.Mal:Spire er ein slik enkel mal.
Andre malar kan ta imot argument. I malkoden må ein då skriva t.d. {{Malnamn|Argument=Verdi}}, der«Verdi» blir brukt som ein del av innhaldet i malen.Mal:Infoboks kommune er ein mal som treng argument.
Meir informasjon og diskusjon om bruk av malar finst på engelsk iMeta-wikipediaen.
Når ein har oppretta ein mal bør ein kategorisera han, eventuelt gje melding pådiskusjonssida slik at andre kan leggja kategorien inn. Det eròg viktig at ei forklaring av korleis malen skal brukast, blir lagt på diskusjonssida til malen, som har namneformaMaldiskusjon:Malnamn.
Ei komplett liste over alle malane på denne wikipediaen finsther, men denne er ikkje systematisert anna enn alfabetisk. Det finst også eit noko meir ordna oversyn imal-kategorien.