Whigpartiet |
 Karikatur av Whigstyret i England, frå 1783 |
|
Land | Storbritannia |
---|
Partileiar(ar) | Robert Walpole |
---|
Grunnleggjarar | Anthony Ashley Cooper, 1. jarl av Shaftesbury |
---|
Grunnlagt | 1678 |
---|
Nedlagt | 1859 |
---|
Ideologi | whiggisme  |
---|
Whig er saman medtoryane rekna som eit av dei to første politiske partia iStorbritannia frå seint på1600-talet til midten av1800-talet, men det er meir presist å skildre dei to som lause politiske grupperingar eller tendensar. Whig-rørsla hadde opphavet sitt i kampen for detkonstitusjonelle monarkiet og eiprotestantiskarverekkefølgje som eit bolverk moteinevelde, men utvikla seg etter kvart til ei gruppe som vart assosiert medindustriinteresser, sosial ogparlamentarisk reform og avskaffing avslaveriet.
Bakgrunnen for omgrepet «whig» var stridane mellomstuartane ogparlamentet påDei britiske øyane. Stridsspørsmål var makta til kongen i tilhøve til parlamentet, og dessutan religionen til kongen. Sistnemnde var særleg betent i tilhøve til spurnaden om kven som skulle overta som konge etterKarl II, som var barnlaus. Broren hans,Jakob II, var open katolikk, noko som gjorde at det frå parlamentet vart stilt krav om å utelukke han frå tronfølgja. Partiet til kongen vart kalla «tories», medan motstandarane hans vart kalla «whigs«. Opphavleg var «whigs» namnet påpresbyterianske, skotske krøttertjuvar, medantories var ei nemning på irske, katolske bandittar. Generelt kan ein likevel seie at toryane etter kvart kom til å bli assosiert med godseigarar ogden anglikanske kyrkja (i Skottlandden episkopale kyrkja), medan whigane vart assosiert med borgarskapet ognonkonformistiske protestantiske grupper, sjølv om det var ei stor grad av overlapp mellom desse sosiale grupperingane.
Etterden ærerike revolusjonen i1688, brukteMaria II ogWilhelm III både whigar og toryar i regjeringane sine, trass i manglande lojalitet frå ein del av toryane, der mange enno støtta Jakob II. Etter kvart kom likevel whigane til å bli stadig meir dominerande i regjeringane. I1708, underden spanske arvefølgekrigen, gjekk dei fleste gjenverande toryane i opposisjon, noko som førte til eitkabinett med nesten berre whigar. Etterfølgjaren til Vilhelm,dronning Anne, mislikte likevel at ho var avhengig av whigane, og i1710 erstatta ho dei med ei rein tory-regjering underRobert Harley ogHenry St. John, som i1713 forhandla framfreden i Utrecht, som medverka til å gjere slutt på krigen, men som vart kritisert av den framtidige etterfølgjaren hennar,Georg I av Hannover.
I1714, då Georg I tok over trona, kom whigane attende til makta. Etter eitjakobittisk opprør i1715, som vart støtta av mange toryar, vart sistnemnde grupperinga i stor grad diskreditert som forrædarar, og whigane vart det dominerande regjeringspartiet i lang tid framover. I perioden 1714 til 1760, spelte toryane ei særs avgrensa rolle i britisk politikk, sjølv om mange parlamentsmedlemmer enno oppfatta seg som «toryar». Både regjeringane og den leiande delen av opposisjonen oppfatta seg som «whigar». EtterGeorg III kom til makta, vart dei to gruppene i aukande grad erstatta med ei mengd personlege fraksjonar, der dei fleste oppfatta seg som «whigar». Ofte var det slik at opposisjonen omtalte regjeringa som «tory», sjølv om han sjølv ofte føretrekte nemningar som til dømes «sjølvstendig whig». Dette illustrerer at det enno ikkje var snakk om noko fasttømrapartisystem.
UnderWilliam Pitt den yngre byrja eit klårare partisystem å utvikle seg. Ofte blir Pitt omtalt som «tory», medan dei fremste motstandane hans,Charles James Fox, omtalast som «whig». Pitt føretrekte likevel sjølv nemninga «sjølvstendig whig», og motsette seg utviklinga av eit klårare partisystem. Tilhengjarane til Fox såg likevel segsjølv som dei legitime arvingane av whigtradisjonen og dei markerte seg sterkt som opposisjon.
Den franske revolusjonen splitta likevel opposisjonen. Medan Fox og nokre yngre tilhengarar, somCharles Grey ogRichard Brinsley Sheridan var sympatisk innstilt, markerte andre, ikkje minstEdmund Burke, seg raskt som ivrige motstandarar. Krigen førte til at mange av tilhengjarane til Fox slutta seg til Pitt, sjølv om mange av dei etter kvart igjen samla seg under Fox i samlingsregjeringa etter Pitt døydde i1806. Etter Fox døydde same år, byrja det igjen å utkrystallisere seg eit topartisystem, whigane no under leiing av lord Grey.
Det var først etterGeorg IV døydde at whigane igjen kom til makta, under leiinga til Grey, ei regjering som blant anna avskaffa slaveriet, og dessutan utvida røysteretten (Reform Act). Denne reforma bidrog, paradoksalt nok, til at partiet gradvis gjekk i oppløysing og vart erstatta detDet liberale partiet, der mange whigar, men òg ein del frihandelsvennlege toryar, samla seg.