Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Whanganui

Koordinatar:39°56′S175°03′E / 39.933°S 175.050°E /-39.933; 175.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wanganui
Whanganui(maori)
Horisonten til Whanganui
Horisonten til Whanganui
Kallenamn
«Wanga-vegas[1]»
Styresmakter
LandNew Zealand
New Zealand
Grunnlagd1840
Geografi
Flatevidd2,3727 km²
Flatevidd
 -Distrikt

2 372,7 km²
Innbyggjarar
 -Distrikt (estimat juni 2008)
   - folketettleik
 - Byområde

43 400[2]
  18,3/km²
39 700
Koordinatar39°56′S175°03′E / 39.933°S 175.050°E /-39.933; 175.050
TidssoneUTC + 12 (UTC)
Diverse anna
Postnummer4500, 4501
Heimeside:http://www.wanganui.govt.nz/
Plassering
Whanganui is located in New Zealand

Whanganui ellerWanganui[3]uttale er både eit byområde og eitdistrikt som ligg på vestkysten tilNordøyaNew Zealand. Det er ein del avregionenManawatu-Wanganui.

På same måte som fleire senter på New Zealand, hadde byen offisiell status somcity fram til den administrative nasjonale reorganiseringa i 1989, men er no administrert av eitDistrict Council. Trass i dette, vert han ennå sett på som ein by av dei fleste newzealendarar.

Wanganui City

[endre |endre wikiteksten]

Wanganui ligg ibuktaSouth Taranaki Bight (Sør-Taranakibukta), nær munningen tilWhanganui-elva. Det er 200 kilometer nord forWellington og 75 kilometer nordvest forPalmerston North, derriksveganeNew Zealand State Highway 3 og 4 kryssar kvarandre. Det meste av busetnaden ligg på den norvestlege elvebreidda, men nokre mindreforstadar ligg på motsett side.

Vêrlaget i Wanganui ertemperert, med litt over det nasjonale gjennomsnittlege talet på soltimar (2100 timar i året), og om kring 900 millimeter årleg nedbør. Det kan koma fleirefrostperiodar om vinteren.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

I området kring munningen til Whanganui fanst det størremaoribusetjingar før den europeiske innvandringa. I 1820-åra overfall stammane langs kystenKapiti Island ogNgāti ToahøvdingenTe Rauparaha. Te Rauparaha hemna seg i 1830 ved å plyndra Putiki og drepa innbyggjarane der.[4]Dei første europeiske handelsfolka nådde fram til staden i 1831, og vart i 1840 følgde avmisjonæraneOctavius Hadfield ogHenry Williams som samla underskrifter påWaitangitraktaten.[4] Etter atNew Zealand Company hadde organisert seg iWellington, såg det seg om etter fleire høvelege stader for innflyttarar. Edward Wakefield, son tilEdward Gibbon Wakefield, forhandla fram sal av 40 000acre i 1840. Det vart grunnlagd ein busetnad ved elvemunningen kort tid etterpå, først kalla Petre.[4] Dette namnet vart offisielt endra til Wanganui 20. januar 1854.

Dei første åra til den nye byen vart problematiske. Kjøp av land frå dei lokale stammene hadde vore tilfeldig og uregulert, derfor var mange māoriar harme over tilflyttinga avpākehā i landområde som dei framleis gjorde krav på. Det var ikkje før åtte år etter grunnlegginga av byen at nybyggjarane og dei lokale stammene kom fram til endeleg semje, men mange ulike synspunkt heldt fram (og dukkar opp frå tid til annan, den dag i dag).

Etter dette voks Wanganui snøgt, og land vart rydda tilbeitemarker. Byen var eit størremilitærthovudkvarter underNew Zealand-krigane i1860-åra, sjølv om dei lokale māoriane ved Putiki var venlege mot nybyggjarane i byen. I 1871 vart det opna ei bybru, seks år seinare eijarnvegsbru ved Aramoho[4]. Byen fekk jarnvegssamband både tilNew Plymouth ogWellington i 1886.

Victoria Avenue, hovudgata i Wanganui.

Nedslagsfeltet til Whanganui-elva vert sett på av maoriane som eit heilagt område, og Wanganuiregionen vert enno rekna for eit senter for all harme hos maoriar over spørsmålet om eigedomsrett til jord. I 1995 vartMoutoa Gardens i Wanganui, av lokale maoriar kallaPakaitore, okkupert i 79 dagar i ein stort sett fredeleg protest frå Whanganui-iwiar (stammar) om rettane til landområde.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Whāngā nui tyder 'stor bukt' eller 'storhamn'. Europearane kalla stadenPetre (uttala Peter), etter Lord Petre, ein offiser iNew Zealand Company, men dette namnet vart ikkje varig.

På den lokale dialekten uttalar maorianewh somw følgd av eit glottalt opphald, og namnet noko slikt som«W'anganui», dette er vanskeleg å uttala for folk utanfrå. Inntil nyleg vart nemnet skrive «Wanganui» og uttala med einw av dei som ikkje snakkarmaori og einwh av dei maoriane frå andre stader som kjende til denne avleiinga.

Etter at David Young skreiv ein artikkel om elva i magasinetNew Zealand Geographic, og brukte «Whanganui» gjennomført, etter ønskje frå dei lokaleiwi, vart stavinga av elvenamnet endra til Whanganui i 1991. Namnet til regionen vert også no stundom stava «Whanganui», men byen har halde på skrivemåten «Wanganui».

Eit resultat av dette er no at mange menneske utanfrå området gjer seg umak med å uttalaelvenamnet og namnet tilregionen som «Whanganui», og bynamnet som «Wanganui», sjølv om dei ulike skrivemåtane ikkje reflekterer skilnadar i det underliggjande namnet.

Ei ikkje-bindandefolkeavrøysting vart halden i 2006, der 82 % røysta for Wanganui utan 'h'. Frammøtet var 55,4 %.[5]

I februar 2009 mottokNew Zealand Geographic Board (New Zealands geografiske selskap) eit framlegg om at bynamnet burde skrivast «Whanganui», og kom seint i mars fram til at det kunne vera gode grunnar til endring[6]. Publikum vil få tre månadar frå medio mai til å uttala seg om det framlagde forslaget[7]. Wanganui sin borgarmeister, Michael Laws, har tala sterkt mot den føreslegne endringa.[8] Ei anna folkeavrøysting vart halden i mai2009, og innbyggjarane forkasta enno ein gong namneskiftet med 77 mot 22 prosent.[9] Frammøtet var no 60 %.

Kjennemerke i byen

[endre |endre wikiteksten]
Wanganui sett frå Durie Hill.
Krigsminnesmerket på Durie Hill.

Av kjende bygningar i byen erSarjeant Art Gallery, ogRoyal Wanganui Opera House, som vart reist i 1901.

Cook's Gardens er eit viktig sportsområde, det vert brukt tilcricket,sykkelsport ogfriidrett. 27. januar 1962 settePeter Snellverdsrekord på eiengelsk mil i dette anlegget.

Mykje av byen er bygd på den nordvestlege elvebreidda. Fire bruer kryssar elva, Cobham Bridge, City Bridge, Dublin Street Bridge og Aramoho Railway Bridge (berre for jarnveg og fotgjengarar). Nær den søraustlege enden til City Bridge ligg ein meir uvanleg konstruksjon i Wanganui, einelevator som fører opp til eitmonument på toppen av Durie Hill.

Forstadar i byen er (med klokka frå sør): Gonville, Castlecliff, Springvale, St. Johns Hill, Aramoho, Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill. Alle desse, utanom Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill ligg på den nordvestlege breidda.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Ein betydeleg del av økonomien til Wanganui er direkte basert på det grøderike og blømandejordbruket som omkransar byen. Andre lokale aktivitetar er mellom anna ingeniørverksemd og drift av hamna.

Vêrlag

[endre |endre wikiteksten]
Vêrdata for Whanganui
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Gjennomsnittleg maks °C22,422,721,318,81613,813,213,815,31718,820,717,8
Døgnmiddeltemperatur °C18,318,517,114,612,410,49,510,211,913,314,816,914,1
Gjennomsnittleg min °C1414,112,910,68,56,55,66,289,610,912,810
Gjennomsnittlegnedbør mm59,275,562,969,279,588,885,374,473,78875,486,4916,7
Gns.solskinstimar i månaden250,2213,5192,1159,412999,2120,7137,8147,5180,5203,6221,92 055
Kjelde: NIWA Climate Data[10]

Wanganui District

[endre |endre wikiteksten]

Wanganui District Council oppstod etter samanslåing av Wanganui og Waitotara County councils og Wanganui City Council.Distriktet har eit areal på 2 373 km². Mykje av landskapet i Wanganui District er ulendt bakkelandskap som kransar dalen til Whanganui River. Ein stor det av det ligg innanfor grensene tilWhanganui National Park.

Alle utanom 3 700 menneske i Wanganui District bur i sjølve byen, det vil seia at det berre er få større busetnader utanfor. Ein liten, men kjend busetnad erJerusalem.

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Laws, Michael (7. mars 2005).«Building a national image». Wanganui District Council. Arkivert fråoriginalen 15. august 2009. Henta 15. juni 2009. 
  2. StatistikkArkivert 2009-04-19 vedWayback Machine. fråStatistics New Zealand Henta 18. juni 2009
  3. «Whanganui or Wanganui - it's up to you».The New Zealand Herald. 18. desember 2009. 
  4. 4,04,14,24,3Wises New Zealand Guide, 7. utg., 1979. s. 494.
  5. Om avrøystinga i 2006., arkivert fråoriginalen 25. mai 2010, henta 18. juni 2009 
  6. New Zealand Geographic Board to publicly consult on ‘h’ in WanganuiArkivert 2009-09-25 vedWayback Machine., New Zealand Geographic Board, 30. mars 2009.
  7. Wanganui proposed to WhanganuiArkivert 2009-09-23 vedWayback Machine., New Zealand Geographic Board.
  8. Kelly Burns,Wanganui spelling change slammed, Dominion Post, 30. mars 2009.
  9. «Results of Referendum 09». 21. mai 2009. Arkivert fråoriginalen 25. mai 2010. Henta 18. juni 2009. 
  10. «Climate Data». NIWA. Henta2 November 2007. 
  11. Wood, Simon (26 February 2009).«Laws questions value of sister city relationship».Wanganui Chronicle. Arkivert fråoriginalen 13. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Reiseguide forWhanganui frå Wikivoyage
Byar (Cities)
Nordøya
Sørøya
Territorium, autonome
område og biland
¹Sameint styresmakt. ²Sjølvstyre, i fri assosiasjon med New Zealand. ³Antarktisk biland, administrert av New Zealand.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Whanganui&oldid=3444825»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp