Warszawa (tyskWarschau,engelskWarsaw ) erhovudstaden iPolen og den største byen i landet. Byen ligg ved elvaWisła, om lag 350 km sør forAustersjøen og like langt nord forKarpatane. Byen hadde om lag 1,86 mill. innbyggjarar i 2021, med 3,35 mill. i storbyområdet. Byen dekkjer eit område på 517,24 km², medan storbyområdet dekkjer 6 100,43 km² (Obszar Metropolitalny Warszawy - Storbyområdet Warszawa). Warszawa er den åttende største byen iEU.
Warszawa ligg på begge sider avWisła. Han ligg midt påDen masoviske sletta i ei høgd på om lag 78–121 meter over havet.
Klimaet i Warszawa erfuktig kontinentalt. Middeltemperaturen er –2 °C i januar og 18 °C i juli. Temperaturen når ofte 30 °C om sommaren. Den normale årsnedbøren er 680 mm og den våtaste månaden er juli, hovudsakleg i form av regnbyger.
Warszawa våren 1939, like før utbruddet av andre verdenskrig.
Før 1200-talet var ikkje Warszawa noko meir enn ein fiskarlandsby. Byen vert nemnd fyrste gong i 1241, og fekk byrettar (Magdeburg-rettar) i 1334. Byen vart sete for hertugen avMasovia, og i 1596 vart byen hovudstad for detsvenskeVasa-dynastiet som herska over Polen-Litauen. Byen har gjennom historia vore okkupert av mange naboland, mellom annaSverige,Tyskland ogRussland.
Underden andre verdskrigen var det to opprør i byen. Allejødane i byen vart pressa saman ighettoen, der mange døydde av svolt. Då ordren kom om å utslette Warszawa-ghettoen, gjekk jødiske motstandsfolk til aksjon, den 19. april 1943, i det som skulle bli kjent somOppreisten i Warszawaghettoen i 1943. Dei heldt ut i nesten ein heil månad, trass i at dei var dårleg væpna og underlegne i tal. Då kampane tok slutt, vart nesten alle overlevande ghettobuarar drepne, berre nokre få klarte å rømme eller gøyme seg.
Warszawa-opprøret i 1944 vara i 63 dagar, der den polske undergrunnshæren kjempa for å gjera hovudstaden fri frå dei tyske okkupantane. Etter massiv gjengjelding frå tyskarane og deira allierte styrkar, mista over 200 000 menneske livet. Etterpå vart byen systematisk øydelagd. Dei attlevande polakkane vart sette i tyskeleirar fram tilden raude arméen «frigjorde» byen. Delar av gamlebyen vart etter krigen gjenoppbygd som ein kopi av den øydelagde byen.Kulturpalasset i Warszawa er derimot eit døme påstalinistisk arkitektur.