Wallace-linja (eller Wallacelinja) er ei grenselinje forfauna som den britiske naturforskarenAlfred Russel Wallace definerte i 1859. Ho skil denasiatiskeøkosona fråWallacea, der Wallacea representerer ei overgangssone mellom Asia ogAustralia. Vest for Wallace-linja finst organismar knytt til asiatiske artar, aust for linja ei blanding av artar av asiatisk og australsk opphav. Linja er kalla opp etter Alfred Russel Wallace, som la merke til dette klåre skiljet under reisene han gjorde gjennomMalayarkipelet på 1800-talet. Linja går gjennomIndonesia, mellomBorneo ogSulawesi, og gjennomLomboksundet mellomBali ogLombok. Avstanden mellom Bali og Lombok er liten, ca. 35kilometer. Mangefugleartar har distribusjon vest eller aust for linja, sidan mange fuglar ikkje kryssar sjølv dei minste strekningane med ope hav. Nokreflaggermusartar derimot har distribusjonar som kryssar linja, men andrepattedyr er generelt avgrensa til den eine eller den andre sida, eit unntak er apeartenkrabbemakak. Andre grupper av plantar og dyr viser ulike mønster, men det generelle mønstret er slåande og rimeleg konsistent.
Flora følgjer ikkje Wallace-linja i same grad som fauna.[1]
↑ Van Welzen, P. C.; Parnell, J. A. N.; Slik, J. W. F. (2011).Wallace's Line and plant distributions: Two or three phytogeographical areas and where to group Java?. Biological Journal of the Linnean Society 103 (3): 531.