Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vossavangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vossavangen
tettstad
Austenden av Vangsvatnet, Vossavangen, elva erVosso. Utsyn nordover.
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneVoss
Areal3,86 km²
Folketal 7 200  (2024)
Folketettleik1 865 / km²
Postnummer570x VOSS
InnbyggjarnamnVangar
Preposisjon Vossavangen
Kart
Vossavangen
60°37′43″N6°24′53″E / 60.62869°N 6.41474°E /60.62869; 6.41474
Wikimedia Commons: Vossevangen

Vossavangen ellerVossevangen, ofte kalla berreVangen, er eintettstad ogkommunesenteret iVoss herad. Staden ligg derRaundalselvi ogStrandaelvi renn saman iVosso vedVangsvatnet.Skulestadmoen, like nord for og nesten samanvaksen med Vossevangen, er likevel definert som eigen tettstad avSSB.

På Vangen liggVoss stasjon vedBergensbanen. Stasjonen ligg 56,5 meter over havet og vart opna i1883, dåVossebanen fråBergen opna. Vossavangen har fleire vidaregåande skular:Voss gymnas,Voss vidaregåande skule,Rogne vidaregåande skule ogVoss husflidsskule, i tillegg tilVoss folkehøgskule. Her ligg òg Voss ungdomsskule og barneskulane Vangen skule, Gullfjordungen skule og Gjernes skule. Vossavangen har òg sjukehus,Fylkessjukehuset på Voss.

Voss kyrkje, ei steinkyrkje frå om lag 1277, ligg på Vossavangen, og er i bruk som soknekyrkje. I tettstaden finst òg eit forsamlingshus for pinsevenner og eit katolsk kapell.

Gondolbanen Hangursbanen fører frå Vossavangen opp på Hanguren med turløyper sommar og vinter, og alpinanlegget til Voss ski- og fjellheisar. Vossavangen er ein turiststad både sommar og vinter, og har fleire hotell. I utkanten av tettstaden mot vest liggFinnesloftet, ein trebygning frå 1295, som er eigd avFortidsminneforeningen. I åssida over sentrum liggVoss folkemuseum med eit bevartklyngetun, Mølstertunet, med bygningar frå to gardsbruk, frå 1600-talet til 1800-talet.

Tettstaden voks opp rundt soknekyrkja og prestegarden på ei flate ved Vangsvatnet. I april 1940 vart staden lagt i ruinar avtyske brannbomber, som øydela det meste av dei gamle trebygningane som dominerte før krigen. Mellomalderkyrkja var ein av få bygningar i sentrum som overlevde bombinga uskadd. Sentrum vart bygd opp att med nytt gatenett etter krigen, og er no prega av 1950-tals murarkitektur.

I dei siste tiåra har det blitt etablert fleire musikkfestivalar på Voss, der dei mest kjende erVossajazz ogEkstremsportveko, som er basert på Vossavangen.

«På Vossevangen der vil eg bu» er ein song om Voss og Vossavangen.

  • Vossavangen, omtrent 1890
    Vossavangen, omtrent 1890
  • Fleischer's Hotel på Vossavangen, omtrent 1910
    Fleischer's Hotel på Vossavangen, omtrent 1910
  • Vangskyrkja på Vossavangen
    Vangskyrkja på Vossavangen
  • Vangsvatnet sett frå Vossavangen
    Vangsvatnet sett frå Vossavangen
  • Vangsgata på Vossavangen
    Vangsgata på Vossavangen

Folketalsutvikling

[endre |endre wikiteksten]
Folketalsutvikling på Vossevangen
ÅrInnbyggjarar
1865
  
153
1875
  
165
1890
  
998
1900
  
1 215
1910
  
1 742
1920
  
3 110
1930
  
2 725
1946
  
3 011
1950
  
3 134
1960
  
4 240
1970
  
5 944
1980
  
6 220
1990
  
5 749
2000
  
5 344
2009
  
5 860
2012
  
5 993
Kjelder:

Ein del av folketapet i 1980- og 1990-åra kjem av utbygging og folkeauke på andre stader i kommune, t.d. Skulestadmoen

Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Spire
Dennegeografiartikkelen som har medVestland å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vossavangen&oldid=3305468»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp