Volvo Lastvagnar | |||
![]() | |||
![]() | |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Svensk orgnr. | 556013-9700 | ||
Bransje | Bilindustri | ||
Skipa | 1928 | ||
Eigar | Aktiebolaget Volvo | ||
Morselskap | Aktiebolaget Volvo | ||
Dotterselskap | Renault Trucks,Mack Trucks | ||
Hovudkontor | Göteborg | ||
Land | Sverige | ||
Produkt | Lastebilar | ||
Nettstad | www.volvotrucks.com |
Volvo Lastvagnar, er ein svensklastebilprodusent som er ein del avAktiebolaget Volvo. Volvo lastvagnar har hovudkontoret sitt iLundby, vedGöteborg. Der ligg òg ein stor del avVolvo 3P som står for utviklingsarbeidet for Volvos lastebilar. Volvo eig ògMack Trucks,Renault Trucks ogUD Trucks og er den nest største produsenten av lastebilar i verda, etterMercedes-Benz.
FøretaketVolvo vart stifta i1926 og i april i1927 var den fyrste bilen klar. Det var ein openpersonbil, med typebetegnelsenÖV 4. Den hadde ein firsylindrabensinmotor, med eit slagvolum på 1,94 liter og ein effekt på 28hk. I februar i1929 kom den fyrstelastebilen. Han hadde typebetegnelsen LV Serie 1 og hadde same motor og girkasse som ÖV 4. Totalmassen var på berre tretonn og prisen var på 4450 svenske kroner. Han vart godt motteken og salet gjekk bra.
Mot slutten av1930-talet kunne lastebilane bli levert medhesselmanmotorar. Underandre verdskrig vart det levert bilar som gjekk påknott. Det var fyrst i1946 bilane kunne bli levert meddieselmotor.
På1950-talet vart det satsa på den internasjonale marknaden og salet skaut fart. Lastebilavdelinga heiter noVolvo Trucks. I tillegg tilVolvo Trucks harAktiebolaget Volvo kjøpt fleire andre lastebilprodusentar, mellom annaWhite,Renault Trucks,Mack Trucks ogUD Trucks (Nissan tidlegare Diesel)). Volvo er i dag ein av dei leiande produsentane av lastebilar og bilane vert selde over heile kloden.
Volvo byrja alt på1930-talet å levera lastebilar til det svenske forsvaret og underDen kalde krigen fekk Volvo store ordrar. Det svenske forsvaret fordelte ordrane sine mellon Volvo ogScania. Desse leveransane nådde ein topp på1970-talet, men Volvo leverer framleis lastebilar til det svenske forsvaret. Den klassiskeVolvo L3314 (som vart kalla «Volvo Felt» i Noreg og «Volvo Valp» i Sverige) vart utvikla på1960-talet og på1970-talet kom etterfylgjarenVolvo C303.