Vladikavkaz (russisk Владикавка́з,ossetisk Дзæуджыхъæу,Dzæudjyqæu) er hovudstad i denrussiskerepublikkenNord-Ossetia. Byen ligg ved elvaTerek søraust i republikken ved foten avKaukasus. I 2207 hadde byen om lag 310 000 innbyggjarar, flest ossetarar, men med mange russarar, armenarar og georgiarar.
Byen vart grunnlagd i1784 som ei festning i den russiske erobringa avKaukasia og var i mange år hovudbasen til russarane i regionen. Vladikavkaz har ei strategisk viktig plassering i Kaukasus fordi han ligg ved det viktigaste passet gjennom fjellkjeda. Vegen gjennom Darialpasset vart bygt i1799 og vert kalla «Den georgiske fjellvegen». Vegen var viktig fordi han gav russarane kontakt med landa iTranskaukasus, særlegGeorgia ogArmenia. I1875 vart det bygdjernbane som knytte byen tilRostov-na-Donu ogBaku. Vladikavkaz vart tidleg og er framleis eit viktig regionalt industrisenter, med smelteverk, raffineri, kjemisk industri og annan industri.
Frå1931 til1944 og1954 til1990 heitte byenOrdzjonikidze (russisk Орджоники́дзе), etter Sergo Ordzjonikidze, ein georgiskbolsjevik. Frå 1944 til 1954 hadde byen namnetDzaudzjikau (russisk Дзауджика́у). Like førSovjetunionen fall fekk Vladikavkaz det gamle namnet tilbake, som tyder 'herskar av Kaukasus'.
Det vart kjempa om Vladikavkaz iden russiske borgarkrigen ogden andre verdskrigen. I februar 1919 erobra den antikommunistiske hæren av frivillige byen, men han vart gjenerobra avden raude arméen i mars 1920. Hausten 1942 prøvde tyskarane å ta byen, men vart slått tilbake. Dette markerte det austlegaste punktet tyskarane kom underOperasjon Barbarossa.