Vitoria-Gasteiz erprovinshovudstad iÁlava og regionshovudstad iden autonome regionenBaskarland nord iSpania. Han er den nest største baskiske byen etterBilbao. Innbyggjarane i byen vert kallavitorianos ellergasteiztarras.
I år581 grunnla denvestgotiske kongeLiuvigild byenVictoriacum, og prøvde å etterlikneromerske skikkar ved å grunnleggje byen som ei feiring av sigeren motvaskonane i landsbyen Gasteiz. Ein har ikkje funne gode nok bevis for at Victoriacum låg der dagens Vitoria ligg i dag. Han kan ha vore ved foten av fjelletGorbea der landsbyen Vitoriano ligg i dag.
I år 1181 grunnlaSancho VI den vise,konge av Navarra, byenNueva Victoria som ein forsvarsutpost på toppen av ein ås der landsbyen Gasteiz tidlegare låg. I 1200 vart byen erobra av troppane tilAlfonso VIII avCastilla, som annekterte byen til Kongedømet Castilla. Byen voks gradvis og i 1431 fekk han bystatus avKong Juan II av Castilla. I 1463 var han ein av femvillas som skipa brorskapet Álava i lag med Sajazarra,Miranda de Ebro,Pancorbo ogSalvatierra.
Ei av dei viktigaste hendingane i seinare historie for Vitoria-Gasteiz erslaget ved Vitoria iden spanske sjølvstendekrigen den 21. juni 1813. Deifranske troppane vart grundig slått avhertugen av Wellington. Eit monument til minne om slaget står på hovudplasseni byen, kalla Sjølvstendemonumentet -Monumento a la Independencia.Vitória iBrasil fekk namn til ære for denne hendinga. Då hendinga seint i juli dette året nåddeWien, bestilte Johann Nepomuk Mälzel einsymfoni hosLudwig van Beethoven Dette vartop. 91 Wellingtons Sieg ellerDie bei Schlachter Vitoria ellerSiegessymphonie.
I 1869 opna universitetet i byen. 20. mai 1980 valde det baskiske parlamentet å gjere Vitoria til hovudstad i Baskarland.