Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Vinterpalasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinterpalasset

ArkitektBartolomeo Rastrelli
Opna1762
Stilelisabethansk barokk
Kart
Vinterpalasset
59°56′25″N30°18′50″E / 59.940277777778°N 30.313888888889°E /59.940277777778; 30.313888888889

Vinterpalasset (russisk Зимний дворец), er ein bygning iSt. Petersburg iRussland som var residens for russiske tsarar.Palasset er ibarokkstil og måla i ein markant grønfarge. Vinterpalasset er i dag ein del av kunstmuséetEremitasjen.

Bygningen fekk si noverande utforming mellom1754 og1763 då det vart bygt som vinterresidens for den russiske tsaren. Arkitekten Bartolomeo Rastrelli teikna bygget. Etterfebruarrevolusjonen 1917 tente det som høgkvarter for den provisoriske, russiske regjeringa. Deretter vart det storma avbolsjevikane, noko som innleiaoktoberrevolusjonen.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Det første vinterpalasset, teikna 1711 for Peter den store, av Domenico Trezzini som, 16 år seinare, teikna det tredje vinterpalasset.

Dagens palass er det fjerde vinterpalasset, det opphavlege vart bygt 1711-12 på oppdrag avPeter den store og låg straks inntil dagens Vinterpalasset. Bygningen var ei lite prangande tobustadsbygning.

Allereie i 1721 vart vinterplass nummer to bygd, også det for Peter den store. Bygget vart reist etter arkitekten Georg Johann Mattarnovi sine teikningar.

År 1727 let sonesonen hansPeter II Matternovipalasset verte ombygt til det ugjenkjennelege. Heile Matternovi sitt palass vart då ein av to sidepaviljongar i det nye, enorme tredje vinterpalasset. Året etter, i 1728, flytta hoffet frå St. Petersburg til Moskva og Vinterpalasset mista sin kongelege status.

St. Petersburg vart på ny hovudstad i 1732, og tsarinaenAnna av Russland flytta då inn i grannepalasset, Apraxinpalasset, som er det noverande fjerde Vinterpalasset. Tsarina Anna let arkitekten Rastrelli totalt bygge om, og inkorporere tilliggande bygningar, i det nye palasset.

Hovudfasaden

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Vinterpalasset
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Vinterpalasset&oldid=3340976»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp