Fråhaustjamdøgn og fram motvintersolkverv stårsola opp seinare og går ned tidlegare, og dagane blir kortare. Heilt i nord og heilt i sør får einmørketid. Etter vintersolkvervet blir dagane lengre igjen. Det manglande sollyset kan få ein del menneske til å utviklavinterdepresjon. For å hjelpa mot mørkret kan ein leggjalyshøgtider, somjul, til denne årstida.
Mindre sollys gjer attemperaturen søkk, og vintertida kan vera kjølig eller svært kald, med nedbør i form avhagl ellersnø, og islagdevatn. Dette har naturleg ført til utviklinga av særskilde vinteraktivitetar, somvinteridrett ogsnøskulpturering, som dreg nytte av is og snø.
Ein skulle kanskje tru atjorda er lengst borte fråsola om vinteren, men det er faktisk omvendt. Jorda er nærast sola omsommaren og vinteren, og lengst borte omhausten ogvåren. Jordbana er nemleg littovalforma.Grunnen til at det er mindre sollys og lågare temperatur om vinteren er i staden at den eine enden av jorda vender meir bort frå sola enn den andre enden, fordijordaksen ikkje stårvinkelrett påjordbana.
Reint klimatisk, særleg i nordlege land, finn ein som regel at vinteren startar noko tidlegare enn vintersolkverv. Ein kan òg seia at vinteren er tida frålauvet fell og tiltrea fårknoppar igjen. Sagt på anna vis er vinteren tida mellom haust og vår.
Iklimalæra definerast gjerne vinter kvantitativt til den perioden av året då den normaledøgnmiddeltemperaturen er lågare enn 0°C. Etter denne definisjonen varer vinteren iOslo 119 døgn og iTromsø 160 døgn, mensStavanger ikkje har noko vinter i det heile sidan den kaldaste månaden (februar) har ein døgnmiddeltemperatur på 1,1°C.
Itropane er dagane berre litt kortare enn sommardagane. Vintertida er behageleg kjølig, med lågare temperaturar enn den steikvarmesommaren. Det er òg litenedbør på denne tida av året.
I eldre tider sa ein gjerne kor mange vintrar nokon var, når det var snakk omalderen på folk. I denne tydinga var ein vinter lik eitår. Bakgrunnen for dette kan vera at vinteren var den hardaste årstida, og viss ein hadde overlevd vinteren så var ein blitt eit år eldre. I andre, gjerne meir romantiske samanhengar kunne ein seia kor mangesomrar ein var, og her var ein sommar også lik eit år. (Men om ein var 14 somrar og 14 vintrar, så var ein ikkje 28 år av den grunn!) Denne tydinga er framleis noko brukt i litterært språk.