Vinsj er ein trommel som vert nytta til å dra inn eitståltau, eller trosser, for å trekkja ei last. Vinsjar finst i mange ulike storleikar frå småvinsjar med sveiv til kraftige vinsjar med trekkraft på fleire hundre tusenNewton. Bruksområda er svært varierte og femnar omskogbruk,bilberging,kraner og så vidare.
I skogbruket vert vinsj nytta for lunning av tømmer, som oftast heiltømmer. Alt frå små eintromla vinsjar monterte pålandbrukstraktorar til kraftige totromla vinsjar monterte påstammelunnarar er i bruk. Totromla traktormonterte vinsjar er òg vanlege. Vinsjane kan vera bak- eller frontmonterte, men iNoreg er bakmontering mest vanleg. Nokrelastetraktorar har frontmontert vinsj som vert nytta for å få tak i tømmer som ligg vanskeleg til.
Kabelkraner, som vert nytta for å henta ut tømmer i ulendt terreng, nyttar kraftige fleirtromla vinsjar. INoreg har det ofte vorte nytta mindre kabelkraner, der vinsjen er ein kraftig totromla traktormonterte vinsj, medan det iNord-Amerika har vore vanleg med store kabelkraner, som nyttar større vinsjar.
Dei fyrste vinsjane som vart nytta innan skogbruk var utstyrte med eigne motorar. Motor og vinsj stod på meiar og vinsjen vart nytta for å flytta utstyret. Dei eldste vinsjane av denne typen var utstyrte meddampmaskinar, men så snart driftsikremotorar med intern forbrenning vart tilgjengelege tok desse over.
Bulldosarar er av og til utstyrte med bakmontert vinsj, som vert nytta til vinsja inn til dømes grovttømmer, til å trekkja laus seg sjølv eller andreanleggsmaskinar, eller til å flytta på andre tunge gjenstandar.Gravemaskinar nytta vinsjar heilt fram til1960-talet, dåhydraulikk tok over. Før det vart vanleg medhydraulikk vart det òg nytta vinsj for å heva bladet på bulldosarar, for å heva og senka bladet påskrapelastarar, osb.
Firehjulsdrivneterrengbilar er ofte utstyrte med ein eintromla vinsj. Denne vert nytta for å trekkja laus køyretøyet med om ein køyrer seg fast i terrenget eller som hjelp for å komma opp bratte bakkar.Bergingsbilar er òg utstyrte med vinsj, som vert nytta for å trekkja trekkja andre køyretøy inn på vegen og for å dra bilar opp på bergingsbilen.
Innan sjøfart vert vinsjar nytta til å trekkja skip på plass ved kaia under fortøying,ankervinsjar, for å trekkja inn nøter pånotbåtar, for å løfta stykkgods under lasting og lossing. På seglbåtar vert det nytta vinsj for å heila og låra segl.