Villeurbanne er ein kommune istorbyområdet Lyon i regiønAuvergne-Rhône-Alpes aust iFrankrike. Han ligg rett nordaust forLyon, og i lag dannar dei det største storbyområdet i Frankrike etterParis. Med 148 543 innbyggjarar ved byrjinga av 2014 er Villeurbanne den folkerikaste forstadskommunen i landet. Han er den 4. folkerikaste kommunen i Auvergne-Rhône-Alpes og den 20. største i Frankrike. Storbyområdet han dannar saman med Lyon er det andre folkerikaste i Frankrike, etter det til [[Paris].
Det noverande sentrumet i Villeurbanne har vore busett heilt tilbake til 6000fvt. Det noverande namnet kjem frå detgalloromerske jordbruksomrdået som vart oppretta om lag samtidig med Lyon (dåLugdunum) og var kjend somVilla Urbana («byhuset»). Han vart såUrbanum, såVilla Urbane og til sluttVilleurbanne.
Villeurbanne har vore ein del av kongedømet Frankrike sidan1349. Han var då fråskild Lyon av elva La Rize, ei tidlegare grein av elvaRhône.
Fram til 1800-talet var byen berre ei samling av forskjellige landsbyar med jorde og uutvikla land mellom. Desse landsbyane har stort sett overlevd, og dannar i dag bydelane Charpennes, Cusset, Croix-Luizet, Maisons-Neuves, osv
I den industrielle perioden skaut økonomien i Villeurbanne i veret. Tekstilindustrien var den første som blømde, etter følgd av mekaniske og kjemiske fabrikkar. Fabrikkane trekte til seg mange imigrantar, hovudsaklegitalienarar.
Omvandlinga frå eit bygdesamfunn til ein industriell by førte til at folketalet i Villeurbanne eksploderte frå 3 000 i 1928 til 82 000 i 1931. Ordførar Lazare Goujon (vald i 1924) engasjerte så byen i eit omfattande offentleg arbeidsprogram. Det mest synlege frå denne perioden erGratte-Ciel, eit bustadkompleks av toart deco-tårn og mindre bygningar rundt langs Henri Barbusse avenue. Desse bygningane vart teikna avMôrice Leroux og er ein av dei mest kjende art deco-bygningane i Frankrike.