
Vikamålet, òg kallaoslodialekt,oslomål,folkeleg oslomål ogaustkantmål, er det tradisjonelleaustnorske målføret iOslo. Vikamålet har vore i tilbakegang frå 1970-talet, men eldre folk frå byen nyttar det framleis. Dialekta høyrer tilVikværmåla, og er nærskyldt dialektane iVestfold,Østfold,Follo og nedreBuskerud. Namnet skriv seg frå gamleVika, som var eit arbeidarstrok førOslo rådhus vart bygd. Dialekta vart nytta i heile Oslo, ikkje berre i Vika.
I Oslo og i andre byar påAustlandet vart frå dansketida òg talemåletdansk-norsk, som seinare vart tildanna daglegtale ogstandard austnorsk, nytta av dei høgare sosiale laga, i Oslo etterkvart særleg på Oslo vest. Frå kring 1970 harstandard austnorsk i stor grad fortrengt vikamål, men einskilde trekk frå vikamål overlever i nokre talemål, særleg på Oslo aust. Det mest utbreidde talemålet i Oslo og i andre byar på Austlandet i dag kan seiast å vere eit kontinuum mellom standard austnorsk og ein utvatna versjon av den stadeigne dialekta, ofte avgrensa etter sosiale skilnader.
Før 1800-talet vart Vikamålet nytta av bønder og småkårsfolk i Osloområdet. Som følgje av industrialiseringa på 1800-talet vart Vikamålet ein «arbeidarsosiolekt».
Dialekta nyttarkløyvd infinitiv og a-ending i ei rekkjeverb(kasta, hoppa). Eit særskilt drag ved målføret er bruk av tjukk S i framlyd (sjterk, sjmell i staden for sterk, smell). Av pronomen er det merkbart at eldre folk ofte har nyttadom (dei på nynorsk), medan yngre brukarar nyttardem i alle former(Nå ser jæ dom komma!). Andre pronomen i vanleg bruk ervårs (oss). Eigedomspronomenademses (deira) oghanses er og vanlege.
Trykket ligg naturleg på første staving, og i ei lang radframandord.
Vikamålet var og er naturleg knytt til dei gamle arbeidarmiljøa i Oslo. Det var difor ikkje rekna som teikn pådanning, og Oslofolk som skulle fram, laut «snakke seg opp» tilriksmål. Etter at dei gamle arbeidarstroka vart sanerte, har dialekta vore i tilbakegang. Målføret fekk eit oppsving i høve framvoksteren avAKP (m-l) kring 1970, som eit uttrykk forsjølvproletarisering.
Målføret var ofte nytta irevyar i hovudstaden, gjerne som eit komisk verkemiddel.Kari Diesen,Arve Opsahl,Aud Schønemann,Leif Juster ogEinar Rose var mellom dei som tok vikamålet til scenen og lerretet. Forfattarar somOskar Braaten ogRudolf Nilsen var òg innom dialekta, og filmar med handling frå gamle Oslo aust har målføret i rik mon (filmar somDen store barnedåpen avTancred Ibsen ogGategutter avArne Skouen).
Oslomålet har vorte parodiert i mange samanhengar, t.d. avHarald Eia gjennom figuren «Oslolosen» som snakkar Oslodialekt.
Nokre døme på ulike setningar på Vikamål:
| Oslomål | Nynorsk |
|---|---|
| A'Kari blei lært opp av n'Per. Hu skøyt en bjønn utanfor kjærka, i dærn. | Ho Kari blei lært opp av han Per. Ho skaut ein bjørn utanfor kyrkja i dalen. |
| Åffer gjorde du detta? Å ska jæ gjøra nå? | Korfor gjorde du dette? Kva skal eg gjera nå? |
| A'mor fløtta seg for'n, fordi n'hadde hønn. | Ho mor flytta seg for han fordi han hadde horn. |
| Nå ser jæ dom komma. | Nå ser eg dei komma. |
| Hu snakka som vårs, da hu var i huset demses. | Ho snakka som oss då ho var i huset deira. |
| Di må setta dere. | De må setta dykk. |